Den gamle garden

article image

Korleis var livet på garden i det førindustrielle bondesamfunnet? I dette skoleopplegget vil dei som deltek få eit innblikk i korleis eit år i klyngetunet ville vere. Kva funksjonar hadde dei ulike bygningane på garden og korleis endra gjeremåla seg etter årstidene. kven budde saman og kva forhold hadde dei til kvarandre.

Maximum attendees

20

Place

Nordfjord folkemuseum, Gota, Sandane, Norge se kart

Duration

1 time

Time period

August - Oktober

Cost

Free

Other info

Om dykk ønsker å melde på større klasser, bør vi dele opp klassa i to grupper og sette av nok tid til to økter. Eine gruppa har er ute i friluftsmuseet i regi av lærar, medan andre gruppa gjennomførar opplegget med museumspedagog.

Competency goals

Inneholder læringsmål for:
  • 8. - 10. trinn: Samfunnsfag (SAF01-04)
  • vg1: Samfunnskunnskap (SAK01-01)
  • vg2: Historie (HIS01-03)

Samfunnsfag (SAF01-04)

grades 8 - 10

  • vurdere korleis arbeid, inntekt og forbruk kan påverke personleg økonomi, levestandard og livskvalitet
  • reflektere over korleis menneske har kjempa og kjempar for endringar i samfunnet og samstundes har vore og er påverka av geografiske forhold og historisk kontekst

Samfunnskunnskap (SAK01-01)

VG1

  • utforske og drøfte korleis næringsgrunnlag, innovasjon og teknologi formar og påverkar arbeidsliv og lokalsamfunn i Noreg
  • drøfte samanhengen mellom økonomisk vekst, levestandard og livskvalitet i eit globalt og berekraftig perspektiv
  • drøfte korleis personleg økonomi, kommersiell påverknad og forbruk påverkar enkeltpersonar, grupper og samfunnet

Historie (HIS01-03)

VG2

  • utforske fortiden ved å stille spørsmål og innhente, tolke og bruke ulikt historisk materiale for å finne svar
  • gjøre rede for hvordan handel og økonomiske systemer har påvirket maktforhold og menneskers liv
  • gjøre rede for viktige endringer i hvordan mennesker har skaffet seg mat og brukt naturressurser, og vurdere betydningen av dette for mennesker og et bærekraftig samfunn
  • utforske og reflektere over hvordan fortiden minnes lokalt og nasjonalt
  • reflektere over hvordan fortiden former oss som mennesker

Show competency goals

Vi skal reise tilbake til tida før 1900, då dei fleste nordmenn budde på landsbygda og arbeidde som bønder.

På museet har vi samla inn bygningar frå heile Nordfjord og sett dei saman til eit klyngetun. Dette er ein tuntype der bygningane på garden er plassert tett saman, ofte saman med fleire gardsbruk. Kvar gardsbruk hadde sitt eige sett med bygningar, så i dei største klyngetuna kunne det vere godt over hundre små og store hus på eitt tun. Denne tradisjonen med å busetje seg på klyngetun var mest vanleg langs sør- og vestkysten.

Dei ulike bygningane hadde forskjellige formål: uthusa vart brukt til husdyr, medan innhusa var bygningar brukt av menneska både til oppbevaring og som opphaldsstad.

I dette opplegget vil elevane få ei gjennomgang av dei forskjellige husa som ein kunne finne i eit klyngetun. Dei vil få eit innblikk i kva dåtidas folk levde av og korleis kvardagen i tunet kunne vere.

Vi vil ta føre oss eit år i tunet for å sjå korleis arbeidet og kvardagens gjeremål endra seg i takt med årstidene. Vi vil òg gå inn på menneska som levde her, og korleis deira relasjonar var til kvarandre.

Order form

More school experiences

School
Card Image

I gamle dagar

Museumssenteret i Hordaland

Musikk Norsk Samfunnsfag grades 1 - 2 grades 3 - 4
School
Card Image

Museumsbuss: Ungdom og identitet

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Samfunnsfag grades 8 - 10
School
Card Image

Sex-turisme og menneskerett

Norsk Reiselivsmuseum

Samfunnsfag Norsk Religion og etikk grades 8 - 10

Share to