Share to
Korleis ser di draumebygd ut? Alle har draumar og idear for kva ein skulle ynskje fanst i bygda si, men kva må ein eigentleg tenke over for å gjere by(gde)utviklinga berekraftig?
Maximum attendees
30
Duration
90 min
Time period
2024: veke 36, 37, 42, 43, 44, 46, 47, 49, 50. 2025: januar-april
Cost
Free
Competency goals
- 5. - 7. trinn: Norsk (NOR01-06)
- 8. - 10. trinn: Demokrati i praksis (DIP01-02), Kunst og håndverk (KHV01-02) and Samfunnsfag (SAF01-04)
Museumsbuss for 9. trinn
Gratis museumsbuss er eit tilbod til elevar på 9. trinn på skular i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Les meir om vilkår på denne sida
Om dette opplegget
Vi startar med å sjå oss rundt i utstillinga "Hekt". Fleire av kunstverka i utstillinga har tematikk knytta til miljø, likestilling og politikk. Saman ser og tolkar vi symbolikk og visuelle verkemiddel i kunstverka. Vi brukar kunsten som utgangspunkt for å snakke om berekraftig utvikling: sosiale forhold, økonomi og klima og miljø. Vidare får elevane ei praktisk oppgåve der dei sjølv skal kommunisere og jobbe fram idear visuelt.
Praktisk oppgåve: Berekraftig byutvikling
Elevane delast inn i grupper og får utdelt eit kart/foto av si eiga bygd eller by. Oppgåva dei skal løyse er å lage idear som gjev nye verdiar til byen/bygda. Gruppene får ulike fokusområder for oppgåva:
Gruppe 1 - idear som skapar økonomisk vekst
Gruppe 2 - idear som skapar trivsel og sosiale verdiar, det som gjer det godt å leve i bygda/byen
Gruppe 3 - idear som er bra for naturen, miljø og klima
Ideane visualiserast på kartet med forenkla formar, symbol og modellering. Til slutt skal gruppene presentere ideane sine for kvarandre og vi diskuterar fordelar og ulemper med dei ulike ideane. Kva slags interesser kjem i konflikt med kvarandre? For at utvikling skal vere berekraftig må ein ha fleire tankar i hovudet samtidig, vi må ta hensyn til alle dei tre områda: økonomi, sosiale verdiar og natur og miljø. Korleis kan vi justere på ideane slik at alle interesser blir ivaretatt?
I dette opplegget får elevane:
- oppleve kunst
- øving i å tolke symbolikk og visuell kommunikasjon i kunst
- øving i å kommunisere og visualisere idear
- øving i å diskutere, lytte og argumentere
- reflektere over korleis dei tre interesseområda kjem i konflikt, og at berekraft handlar om å ta hensyn til alle samtidig