Lærdal sin eigen kunstnar, Hans Gjesme (1904-1994), donerte i 1994 ei omfangsrik samling kunstverk (ca. 3000) til kommunen. Kunsten trengte husly, og i 2011 reiste bygda eit kunstsenter. Sogn Kunstsenter er ein arena under Musea i Sogn og Fjordane.

Om Sogn Kunstsenter

Gjesme synte tidleg talent og som sekstenåring dro han til Kristiania for å gå i lære hos kunstlærar Pola Gauguin. I 1925 reiste Gjesme på studietur til Paris, gjekk i galleri og studerte hos den anerkjende kunstnaren André Lhote.

I Sogn kunstsenter får du kanskje sjå eitt av Gjesme sine mange måleri med landskap eller folk i Lærdal som motiv. Han arbeidde stort sett figurativt og skildra røynda på og attkjenneleg vis, men han skreiv i ei skissebok at «Å måla er å skapa, ikkje å studera», så han var klar over sin kunstnarlege fridom. Han prøvde ut ulike målemåtar og etter kvart vart penselstroka større og meir uttrykksfulle. Han skreiv: «Det er ikkje slik som det ser ut, men slik som du upplever det». Han ønskte å få fram meir enn det han såg. I heile kunstnarskapet skildra han det særskilde landskapet med bratte fjellsider tett på bygda, under ulike lysforhold og årstider. Best likte Gjesme våren med dei syregrøne fargane og kontrastane mellom det skarpe lyset og dei mørke fjellsidene. I dei fargesterke og karakteristiske portretta forsøkte han å «Måla sjeli i motivet». I utstillingane vil du òg kunne sjå nokre av teikningane hans. Frå tidleg alder teikna han både folk, landskap, hus og ting, og i studietida gjekk det mykje i akt.

Gjesme fekk etterkvart psykiske problem og vart lagt inn på Gaustad sjukehus i Oslo i 1955 med diagnosen paranoid schizofreni. I dei gode periodane ved sjukehuset både måla og teikna han, og vitja kunstutstillingar i byen. Motiva frå denne tida skildrar det særmerka sjukehusanlegget, natur og landskap, medpasientar, psyke og einsemd. Etter heimkomsten til Lærdal i 1971 fekk Gjesme stadig besøk av kunstnarkollegaer, journalistar og kunsthistorikarar som ville sjå samlinga hans. Endeleg kjende han at arbeida hans vart verdsett.

Visit us

Share to