Anders Svor-museet ligg idyllisk til ved Hornindalsvatnet. Den arkitektteikna bygninga frå 1953, omgitt av ein vakker skulpturpark, er vigd bilethoggaren Anders Svor.

Om Anders Svor-museet

Anders Svor (1864–1929) utmerkte seg tidleg som treskjerar. I 1882 drog han frå heimbygda Hornindal for å studere ved Den Kgl. Tegne- og Kunstskole i Kristiania, og vidare ved kunstakademiet i København. Etter eit studieopphald i Paris midt i 1890-åra etablerte Anders Svor seg med eige atelier i Kristiania, der han vart buande livet ut. Svor var ein av dei sentrale norske bilethoggarane i sin generasjon. Han er innkjøpt av Nasjonalmuseet og var representert på fleire nasjonale og internasjonale utstillingar.

Museet rommar ei samling på nærmare 600 objekt – frå skisser til fleire av dei mest sentrale arbeida hans, til dømes gipsskulpturen Ung pike (1895) og bronsefontena Bylgja (1913).

Den faste utstillinga gir eit unikt innblikk i Anders Svor sine arbeidsmetodar, motivkrets, typologi og stilutvikling, frå ein detaljert naturalisme via klassisime til symbolisme.

Visit us

Share to