History
-
Dette er den eldste fana til Odda Kjemiske Arbeiderforening, avdeling 61 ved sinkverket, opprinneleg Det Norske Zinkkompani AS (DNZ). Fana tilhøyrde først "Odda Jern- og Metalarbeiderforening", jamfør ambolten i motivet, men fana gjekk ut av bruk etter at alle foreiningane ved Odda Smelteverk gjekk saman i Odda Arbeiderforening (frå 1924).
Fana blei omarbeidd til ny bruk (sjå beskrivelse av fana). Første leiar i avd 61, Jørgen Børve, var tilsett ved Odda Smelteverk før han byrja ved "Zinken". Odda Kjemiske Arbeiderforening, avdeling 6, var stifta i 21. mars 1929 og dei overtok då den "ledige" fana og omarbeidde ho. Då fana var utsliten etter nokre års bruk i Odda Kjemiske Arbeiderforening, blei ho skifta ut med ny fane. Det er ikkje kjent når fana gjekk heilt ut av bruk.Odda Tidende melde etter 1. mai 1910 at "Odda Jern- og Metalarbeiderforening" hadde ny "smukk" fane. Faneavsløringa var kl 2.00 på 1. mai 1910. Fana skal ha kosta nær kr 500,- då ho var ny. Men i 15-årsberetningen for "Odda Jern- og Metallforening" som sto på trykk i Hardanger Arbeiderblad den 28. april 1923, står det noko anna om når fana var ny. Det blir slått fast at Odda Jern- og Metal Arbeiderforening blei stifta 21. mars 1908 og vidare: "Et av de første krav der meldte sig var anskaffelse av fane, enhver forenings symbol paa enighet og samhold i gode og onde dage og allerede aaret efter, den 30. april 1909, blev vor fane indviet, og 1. mai s.a. deltok vi i samlet trop under dette vort merke for første gang i demonstrasjonen. Faneavsløringen foretokes av hr. Angell Olsen."
Frå Odda Tidende 1910 veit vi at Angell Olsen var hovedtalar på 1. mai 1910, så alt tyder på at 1909 er feil.Fana var levert av Elektrokjemisk Arbeiderforening til Arbeiderbevegelsens Arkiv og Bibliotek (ARBARK) i Oslo og registrert som nr 485, men vart på førespurnad levert tilbake til Odda og ei utstilling ved Kraftmuseet i 1995. Fana er deponert ved Kraftmuseet.
Bruk: 1909 (både 1. mai 1909 pg 1910 er oppgitt som første år i bruk)
Fana var første gong i bruk for Odda Kjemiske Arbeiderforening, avdeling 61, i 1929- Første brukerOdda Jern- og Metallarbeiderforening (1908 - 1924)
- Alternative namesOdda Jern- og Metalarbeiderforening, avd 77 av Norsk Arbeidsmandsforbund (Samanslutta i Odda Arbeiderforening 3. februar 1924 etter Forbundsreformen.)
- DigitaltMuseumSearch in «Odda Jern- og Metallarbeiderforening»
Eierskap
Produksjon: 1910 (Odda Tidende mai 1910)
Classification
-
- Faner (DE)DE 929.92
References
-
- LitteraturreferanseOdda og omland faglige samorganisasjon 75 år. 1989. S. 56 - 57.
- Foto-nummerI-00010, I-02950, I-02501
- LitteraturreferanseOdda : arbeidsfolk fortel. 1989. S 56.
- Foto-nummerI-Z4303 / I-05908.
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierNVIM-05329
- Alternative nameNr 487 - Institusjonsintern katalog / liste (Tidlegare nr ved ARBARK, Oslo)
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedNovember 20, 2015
- Date updatedDecember 2, 2023
- DIMU-CODE021026012852
- UUID1d646f21-4eff-458e-9128-7e9d0c837dc6
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».