History
-
- Kvamsøy kyrkje Kvamsøy kyrkje er ei langkyrkje i stein med kor og skip i same breidd. Kyrkja har saltak tekt med teglstein og takryttar over mønet mot vest. Kyrkja er datert til andre halvdel av 1200-talet. Kyrkjeskipet har ein enkel spissboga inngangsportal mot vest, og i koret er det nordportal. I veggen ved sida av inngangsportalen er det ein nisje av kleberstein, der det kan ha stått ein helgen. I samband med konserveringsarbeid i Kvamsøy kyrkje i 2010, som vart leidd av konservator Hilde Viker Berntsen frå NIKU, sikra ein nokre delvis avdekte kalkmåleri frå 1600-talet på veggene i kyrkjerommet, samstundes som ein tok vare på delar av den kvite overmålinga frå 1870-talet. Veggene dokumenterer dermed to ulike stiluttrykk frå to ulike tidsperiodar. Dei avdekte partia med kalkmåleri viser blant anna eit epitafium, minnetavle, delar av ein måla brystning i nordportalen, og ei avbilding av Moses på austveggen i koret. Den barokke altertavla frå 1716, med rike utskjeringar av akantus bladranker, har Krossfestingar som hovudmotiv. På fotstykket, predellaen, er det bilete av Nattverden. På toppstykket ser ein det hebraiske teiknet for Jahve, Gud. Dåpsfatet i Kvamsøy kyrkje har eit relieff i botnen som viser eit lam med sigersfane. Blodstrålen som strøymer ned i eit beger frå lammets bryst symboliserer samanhengen mellom Jesu død og Nattverden. Kjelder: Ekroll, Øystein: Med kleber og kalk. Norsk steinbygging i mellomalderen, Oslo 1997 Rasmussen, Alf Henry: Våre kirker. Norsk kirkeleksikon, Kirkenær 1993 Berntsen, Hilde Viker: A 291 Kvamsøy kirke. Konservering av kalkmalerier. NIKU Oppdragsrapport 280/2011
Tid: 1300, 13. århundre (1201 - 1300)
Bygget: 1300
Kulturhistorisk merking
Automatisk fredet (før 1650) (B1)
Placement
- Sogndal (Kommune) - Balestrand sokn (07091001), Sogn prosti, Bjørgvin bispedømme - Kvamsøy 32, 6899
-
- TrossamfunnDen norske kirke
References
License information
- License Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen bearbeidelse (CC BY-NC-ND)
Metadata
-
Alternative name
- 141800101 - Bygningskode Kirkebyggdatabasen 2004
- 2893 - Bygningsid Kirkebyggdatabasen 2008
- 84858-1 - Kulturminneid, Riksantikvaren
- 177062383 - Bygningsnummer Matrikkelen
- 4640-391/3 - Gnr Bnr
- Part of datasetNorske kirker (Hovedorganisasjonen KA)
- Provider
- Date publishedFebruary 23, 2024
- Date updatedJune 20, 2024
- UUIDf4f1994e-e1ae-4d22-8471-087b14e7e604