History
-
Ustadalen kapell er ei lita, tidstypisk langkyrkje i tre frå 1890, oppførd av Ole Olssøn Sollie frå Torpo, etter teikningar av J. W. Nordan. Kyrkja ligg i skrånande terreng oppe i dalsida, omgjeven av kyrkjegarden, som vart etablert i 1883. Kyrkja vart sett i stand i 1959-60. Då vart skifertekkinga på taket lagd om, og kyrkja fekk nytt våpenhus, sakristi og dåpsventerom. I kjellaren vart det laga bårerom og toalett, og kyrkja fekk nytt orgel på galleriet.
Kyrkjerommet er rektangulært med lågare og smalare kor. Veggene er panelte og måla, og det er opne, panelte himlingar over kor og skip. Over inngangspartiet er det orgelgalleri. Interiøret i kyrkja er frå 1890, men fargesetjinga er ikkje den opphavlege. Det noverande fargevalet er gjort av Brusletto og Rueslåtten i 1960. Altartavla er eit måleri av Korsfestinga i nygotisk ramme, moglegvis frå 1890. Kyrkja hadde namnet Ustedalen kapell til Geilo vart eige sokn i 1988. Kyrkja vart då gitt namnet Geilo kyrkje. Når den nye kyrkja i Geilo vart bygd fekk den gamle att namnet Ustedalen kapell. Kjelder: NIKUs kyrkjeregister Rasmussen, Alf Henry: Våre kirker. Norsk kirkeleksikon, Kirkenær 1993 www.kirken.no/tunsberg"
Tid: 1890, 19. århundre (1801 - 1900)
Bygget: 1890
Kulturhistorisk merking
Ingen vernestatus (E1)
Placement
- Hol B (Kommune) - Geilo sokn (04080403), Hallingdal prosti, Tunsberg bispedømme - Kyrkjevegen 22, 3580
1 object
-
- ArchitectNordan, Jacob Wilhelm (1824 - 1892)
- TrossamfunnDen norske kirke
References
License information
- License Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen bearbeidelse (CC BY-NC-ND)
Metadata
-
Alternative name
- 062000301 - Bygningskode Kirkebyggdatabasen 2004
- 23 - Bygningsid Kirkebyggdatabasen 2008
- 160166363 - Bygningsnummer Matrikkelen
- 3044-64/869 - Gnr Bnr
- Part of dataset Norske kirker
- Owner of dataset Hovedorganisasjonen KA
- Provider
- Date published February 23, 2024
- Date updated November 28, 2024
- UUID 4416120b-cbb2-4e46-acaf-0d07f094cecb