History
-
- Bykle kyrkje, som vart innvigd i 2004, er ei arbeidskyrkje i tre med langkyrkjeplan og saltak. Kring langsidene og inngangspartiet på kyrkja ligg låge fløyer med rom for ulike aktivitetar. Kyrkja er teikna av arkitekt Hans Olaf Aanensen i Arendal. Grunnsteinen vart lagd i år 2000, og kyrkja vart vald til tusenårsbygg i Bykle kommune. Kyrkjerommet er rektangulært og einskipa, og korpartiet ligg integrert i kyrkjerommet, med ein grunn kornisje attom altaret. Over inngangspartiet er det orgelgalleri. Veggene er kvitmåla, og den tredelte himlinga har synlege, trekvite bjelkekonstruksjonar. Golvet er dekt med skifer. Den kunstnarlege utsmykkinga i kyrkjerommet er ved Per Odd Aarrestad frå Sandnes. Han har utforma glasmåleriet i fondveggen, altarskåpet, altar og altarring, døypefonten med rennande vatn, preikestolen og mosaikkane i golvet i midtgangen. Kjelder: Informasjon om Bykle kyrkje, vigsla 5. september 2004. Kyrkjekontoret i Bykle
Tid: 2004, 21. århundre (2001 - 2100)
Bygget: 2004
Godkjent: 2004
Vigsling: 2004
Kulturhistorisk merking
Ingen vernestatus (E1)
Placement
- Bykle (Kommune) - Bykle sokn (05050403), Otredal prosti, Agder og Telemark bispedømme - Kyrkjevegen 6, 4754
-
- TrossamfunnDen norske kirke
References
License information
- License Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen bearbeidelse (CC BY-NC-ND)
Metadata
-
Alternative name
- 094100301 - Bygningskode Kirkebyggdatabasen 2004
- 2059 - Bygningsid Kirkebyggdatabasen 2008
- 21496014 - Bygningsnummer Matrikkelen
- 4222-13/40 - Gnr Bnr
- Part of datasetNorske kirker (Hovedorganisasjonen KA)
- Provider
- Date publishedFebruary 23, 2024
- Date updatedJune 20, 2024
- UUID0d9c8d41-13ae-48c7-8cf4-774ae9b61a18