main article image

Å læra fuglar å synga

Ein dag i byrjinga av førre hundreår sette Gert Falch Heiberg seg ned ved skrivebordet og noterte i protokollen sin: «Posetiv med metalpiper (lirekasse)». Med dette registrerte han eit nytt musikkinstrument i samlinga si med «sognske antikvitetar», i dag ein del av De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum ved Musea i Sogn og Fjordane. Dette instrumentet er på mange måtar unikt i norsk samanheng og me vil her ta ein nærare kikk på dette spesielle instrumentet.

Denne lirekassen, med fagnemning dreiepositiv, ser med første augnekast berre ut som ei enkelt utforma lita kiste med ei sveiv på framsida. Når me opnar loket dukkar det opp tre rader med metallpiper og ein rull med stiftar. Under rullen er det ein belg som gir luft til pipene når ein sveivar. Musikken er førehandsprogrammert inn i rullen gjennom plasseringa av dei nemnde stiftane. Over rullen er det ein mekanisme som opnar dei ulike pipene til rett tid ved å lesa av stiftplasseringa. Slik les positivet av musikken på rullane og spelar melodien med pipene. På undersida av loket står ei liste over alle songane positivet kan spela av. Det er her lista opp tre rullar, men det er berre rull nummer 1 som er bevart ved museet.

Tar me ein kikk på spelelista til rull 1, ser me at dei fleste titlane viser til ulike dansetypar. Heile seks av dei er valsar, ein dans som på slutten av 1700-talet vart ein motedans og spreidde seg utover Europa. Valsen vart svært populær i Noreg utover 1800-talet. Bak tittelen på melodi nummer 2 kan det sjå ut til å vera skrive «Hamburger» med blyant. Hamburger, eller hamborgar, har vore eit vanleg namn på dansen polka i Hordaland, Sunnfjord og Sogn. Spor 7, 8 og truleg 9 er såkalla kontradansar (opphavleg frå engelsk «country dances») – europeiske motedansar på 1700- og 1800-talet.

Ei fransk historie

Heiberg noterte vidare i protokollen: «Fransk arbeide. Signert Louis Dumont-Parizot». Frå den franske teksten på rullen i positivet, får me vita at Dumont-Parizot var orgel- og serinett-makar i Mirecourt, Voges. Me startar difor undersøkinga vår der, i kommunen Mirecourt i det nordaustlege Frankrike. Mirecourt har i dag i overkant av 5000 innbyggarar og er, i følgje den engelske Wikipedia-artikkelen, kjend for produksjon av kniplingar og musikkinstrument, særleg fiolinar. Men ein periode frå siste halvdel av 1700-talet til midten av 1800-talet, var området der Mirecourt ligg òg kjend for produksjon av eit anna instrument, nemleg serinetten (ein type dreiepositiv).

Mekaniske orgel har vore kjende sidan mellomalderen, men på byrjinga av 1700-talet vart det utvikla små berbare mekaniske orgel og med det vart dreiepositivet fødd. Om lag samstundes med at dreiepositivet utover 1700-talet auka i popularitet, vart det i Frankrike òg svært populært med songfuglar i bur, som underhaldning i velståande heimar. Songfuglane vart gjerne importerte frå Madeira og Kanariøyene, og var nokså dyre. Det vart òg gitt ut handbøker for fugleeigarane, som «The Bird Fancyer’s delight» frå 1717 av engelske Richard Meres. Der trykte han mellom anna melodiar ein kunne prøva å læra fuglane å synga, tilpassa ulike fuglar. Kanarifuglar var populære songfuglar, men Meres presenterte òg melodiar for papegøyar, stær, nattergal, dompap, sporvar, med fleire. Instruksen sa at melodiane måtte spelast jamleg for fuglane, slik at dei etter kvart tok melodiane opp i songen sin, og det er her serinetten kjem inn i biletet.

Første side i boka «The Bird Fancyer’s Delight». Boka kom ut i 1717, men vart svært populær og vart seinare revidert og trykt i fleire opplag heilt fram til 1830.

Serinetten vart truleg utvikla på første halvdel av 1700-talet i Nancy, nordaust i Frankrike, ikkje langt frå Mirecourt. Serinetten var eit dreiepositiv utvikla med føremålet å læra fuglar å synga særskilde melodiar. Ordet serinett kjem frå det franske ordet «serin» som tyder kanarifugl (eller kanariirisk som fuglen eigentleg heiter – serinus er det latinske namnet for iriskar). Ettersom ein med positivet enkelt kunne spela same melodi heilt likt om og om igjen, passa instrumentet godt til føremålet. Serinettane vart etter kvart utvikla med ulik utforming og toneleie alt etter kva songfugl det skulle passa til. Til dømes var «serinette-merline» til svarttrostar og «perroquette» til papegøyar – begge med namn etter dei franske namna for desse fuglane. Dreiepositivet ved De Heibergske Samlinger er ein serinette av typen perroquette. Louis Dumont-Parizot, som laga akkurat denne perroquetten, verkar å ha produsert serinettar i Mirecourt på første halvdel av 1800-talet, då det finst fleire slike instrument frå denne perioden med signaturen hans.

«La Serinette» (1751) av Jean-Siméon Chardin illustrerer bruk av serinett med songfugl. Måleriet er i samlinga til Louvre i Paris. © 1995 RMN / René-Gabriel Ojéda

Ei norsk historie

Gert Falch Heiberg noterte til slutt i protokollen at instrumentet var «Kjøpt av H. K. Heiberg paa auktion efter godseier Formann paa Stedje. Indlemmet i samlingerne 1902». H. K. Heiberg er Hans Knagenhjelm Heiberg (1832–1897), far til Gert, som samla mykje gjenstandar til si eiga private samling på garden deira. Mykje av dette er endå utstilt på Amble Gard i Kaupanger, medan ein del av gjenstandane gjekk inn i samlinga til «De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum» då Gert Falch Heiberg stifta dette i 1909. Både far og son hadde då samla gjenstandar i mange år og notert desse sirleg inn i registreringsprotokollar.

Henrik H. Formann d.y. måla av Johan Gørbitz, truleg i 1824. Miniatyr i privat eige / foto: Norsk folkemuseum

I følgje registreringa til G. F. Heiberg, vart serinetten altså kjøpt på auksjon etter godseigar Formann på Stedje. Henrik Henriksøn Formann (1800–1871) eigde Stedje gard i Sogndal frå 1833 fram til han døydde. Han vart fødd på Lyse Kloster Hovedgård i ei svært velståande slekt. Far hans, som òg heitte Henrik Henriksøn Formann, hadde rett nok overtatt garden med stor panteskuld. Men gjennom nydyrking og gode investeringar dreiv han garden godt, så då sonen overtok var garden gjeldfri. På det meste skal Henrik Henriksøn Formann den eldre ha eigd 200 gardar frå Ryfylke i sør til Nordfjord i nord.

Henrik Henriksøn Formann den yngre var berre 15 år gamal då faren døydde, og han arva 2/3 av Lyse Kloster Hovedgård (søstera arva den siste tredelen). Som faren dreiv han garden godt og fekk etter kvart høvet til å kjøpa Stedje gods i Sogndal. Der planta han store mengder frukttre og Stedje gods skal i hans tid ha hatt ein av dei største frukthagane i Norden, med 6666 tre. I perioden 1855 til 1862 deltok han på fleire fruktutstillingar, mellom anna i London, og fekk fleire medaljar for frukta si. Då Formann døydde i 1871 var han utan arvingar og Stedje gods vart i 1872 selt til Henrik Krohn som busette seg der. Same året vart det halde ein auksjon etter Henrik Henriksøn Formann. Me veit ikkje akkurat kva som vart selt der, og om det berre var ein av fleire auksjonar frå buet, men det kan ha vore på denne auksjonen at Hans Knagenhjelm Heiberg fekk kjøpt serinetten til Formann. Hans Knagenhjelm Heiberg starta, i følgje sonen, å samla inn gjenstandar alt i 1862.

Korleis serinetten fann vegen frå Mirecourt til Henrik Henriksøn Formann, veit me ikkje, men me kan kanskje tillata oss å spekulera litt basert på opplysingane me har tilgjengelege. Me veit at serinetten vart eit motefenomen blant den europeiske overklassen frå midten av 1700-talet, men kom noko seinare til Noreg og var populær eit godt stykke ut på 1800-talet. Det er ikkje utenkeleg at Henrik Henriksøn Formann av denne grunnen har fått importert ein serinette frå Frankrike. På 1800-talet verkar det likevel òg ha vore mogleg, om ikkje enkelt, å få tak i serinettar i Noreg. Elles veit me at Formann reiste i Europa i samband med fruktutstillingar på midten av 1800-talet, men då var serinetten i mindre grad på moten. Portrettet Johan Gørbitz (1782–1853) måla av Formann på midten av 1820-talet, er ei mogleg tidleg lenke til Frankrike. Gørbitz budde på denne tida i Paris og det kan difor tenkast at Formann vart måla under eit opphald der. Formann kan altså sjølv ha kjøpt serinetten på ein tur til Frankrike.

Manglande brikker i puslespelet

Det er usikkert kor effektiv serinetten faktisk var i opplæring av songfuglar, og me veit ikkje om Formann brukte serinetten sin til dette føremålet. Men ettersom spelelista er sett saman av melodiar til populære dansar på 1800-talet, kan serinetten ha hatt ei vel så viktig rolle som underhaldning i andre samanhengar. Blyantskrifta med dei norske namna «vals» og mogleg «hamburgar» indikerer at serinetten har vore i bruk etter at han kom til Noreg og Vestlandet, men denne delen av historia veit me førebels lite om.

Trass i at desse instrumenta var eit motefenomen i Noreg så seint som på 1800-talet, er det i dag berre tre kjende serinettar ved norske museum. Av desse tre instrumenta er det serinetten ved De Heibergske Samlinger som er best bevart, noko som gjer dette instrumentet særleg verneverdig. Når ein nøstar opp i historikken til ein museumsgjenstand, fører det gjerne til at ein ser nye samanhengar og etter kvart får sett brikkene saman til eit heilt bilete. Men det kan vera krevjande arbeid og det er ikkje alltid alle bitane fell på plass. Det er framleis att nokre mysterium i historikken til serinetten ved De Heibergske Samlinger – nokre manglande ledd i historia frå produksjonen i Mirecourt til han hamna i samlinga til Gert F. Heiberg. Vonleg vil framtidige undersøkingar kunna kasta meir lys over desse mysteria.

Demonstrasjon av ein perroquette, restaurert og demonstrert av den franske orgelprodusenten «Cylindres, Manivelles & Co».

Musikkinstrument ved Musea i Sogn og Fjordane

I denne mappa har me samla musikkinstrumenta i samlingane til Musea i Sogn og Fjordane.

Lirekassar på Digitalt Museum

Kjelder

Order this image

Share to