Badeand på museum

Verden Under Vann er ei utstilling om havforskning, norske havområder og livet i havet. Her er det også ei historie om badeender.

I januar i 1992 var eit skip på veg frå Kina til U.S.A. med badeleker. Det var storm og skipet var kanskje som ei badeand i eit badekar? I den kraftige stormen falt 12 containarar med 28 800 gule ender, blå skilpadder, raude beverar og grøne froskar over bord i Stillehavet, 7200 av kvar. Sidan då har dei reist rundt i verda, forbi staden der Titanic sank, til Hawaii og nokon av dei har til og med frosse inn i isen i Arktis. Så, i staden for å havne i badekaret til amerikanske barn, har dei vore med på å kartlegge havstraumane.

«Det store søppelflaket» er eit begrep som har blitt mykje omtalt i media dei siste åra. Havstraumane i Stillehavet dannar store spiraler, og alt av søppel og avfall som flyter i havet blir til slutt fanga inn i spiralane. Søppel i havet blir heile tida påverka av vind og bølger, og blir brutt ned i mikroskopiske plastbitar vi ikkje nødvendigvis kan sjå med det blotte auge. Ein stor del av dyra i havet filtrerer sjøvatn for å få tak i matpartiklar. Det er vanskeleg for dyra som et på denne måten å skille mellom mikroskopisk plankton og mikroskopisk plast, og dei dør ofte når dei får i seg for mykje plast og for lite mat. Eller dei kan henge seg fast i fiskesnøre og garn som folk har mista i sjøen.

Det tar svært lang tid å bryte ned plast, og plasten som havner i havet eller i naturen skader mange dyr og fugler. Det er heller ikkje kjekt å vere ute på tur når turområdet ditt er blitt forsøpla. Historien om badeendene og dei andre badedyrene kan lære oss om både havforskning, havstrømmer og plastproblematikk.

I utstillingen Verden Under Vann på Norges Fiskerimuseum har vi 198 slike badeender. Her på DigitaltMuseum kan du sjå ei av dei.

Mikroplast i naturen er skadeleg for dyr og fuglar. Foto: Sølvi Vik

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to