main article image

Ole O. Thorsrud

Den nyutdanna læraren Ole O. Thorsrud (1859–1940) var eit moderne åndsmenneske av si tid. Han vaks opp på Bagn, med musikk og fleire bøker enn kva vanleg var i samtida. Både bestefaren og faren var organistar i kyrkjene i Sør-Aurdal. Bestefaren skal òg ha vore ein dyktig hardingfelespelemann, men skal etter kvart ha lagt spelet på hylla «av religiøse grunnar», då fela i samtida ofte vart sett som djevelens instrument.

Folkehøgskuleånd og opplysingsarbeid

Ole vart tidleg oppteken av bøker, og den lokale kapellanen Winsnes fekk han til å søke seg til Vonheim folkehøgskule i Follebu. Skulen var ein av dei aller fyrste i sitt slag i landet. Grunnleggjaren Christopher Bruun hadde ein eigen evne til å få unge hjarter til å brenne og «få sjæli til å lyfte seg», som Peter Hognestad skreiv i eit festskrift i 1909. Det gjaldt å utvikle «eit rikare åndsliv på nasjonal grunn».

Etter folkehøgskuletida tok Ole lærareksamen ved Asker seminar i 1879, og sidan arbeidde han som lærar i nær femti år i ulike skulekrinsar i Sør-Aurdal. Ole vart organist i Bagn kyrkje i atten år etter far sin, inntil han i 1898 tok over som kyrkjesongar i bygda. Til lærarjobben følgde det elles med skulejord der Ole og familien dyrka mat til eige bruk. Dei hadde òg skaffa seg ei seter til sommarbruk.

Thorsrud hadde mange interesser gjennom livet. Meir enn noko anna var han oppteken av å lese og samle på bøker. Han skreiv mykje i blad og aviser, til dømes om til dømes etikk i skulen, historiske hendingar og biografiar om lokale personar.

Det gjaldt å drive opplysingsarbeid der ein meir enn før skulle sameine det kristelege og menneskelege i livet. Thorsrud hadde mange styreverv i både avhaldslag, ungdomslag, lærarlag, skulestyre, historielag, bygdebokkomité og Valdres Folkemuseum. Og han var mykje på farten og heldt foredrag og taler.

Særleg talte Ole på møter i fråhaldsrørsla, ungdoms- og lærarlag. Ofte tok han seg rundt med kjelke og lysbildeapparat. Eit slikt lysbileteforedrag spente gjerne vidt, både når det gjaldt tema, alvor og humor. Han viste gjerne bilete av alt frå alkoholens øydeleggande verknadar, gamle valdrisar og severdigheiter ulike stader i verda. Avisene refererte ofte, og omtala gjerne foredraga som yppelege. På til dømes ein foredragsturné til Biri kom totalt 1400 tilhøyrarar på 7-8 møte.

Thorsrud skal gjennom heile livet ha hatt eit brennande samfunnsengasjement, prega som han var av Grundtvigs idealisme. Men lett var det nok ikkje alltid. Då ha vart seksti sa han det slik: – Det vart traat og tungt for det nasjonale og for det ideale livssynet her i Valdres som andre stader i min ungdom. Gode støttespelarar i målsak og folkehøgskuleånd skal ikkje ha vokse på trær dei tidlege åra. Han sa då at foredragsferdene hadde vore stride: – Serleg om vinteren, med lange vegjer, og der ein laut tale i smaae hus. Ofte var eg gjenomvaat av sveitte og mang ein gong vart ein lagd i kalde rom.

Med engasjement for lokalhistoria

Ole Thorsrud skal ha vore den fyrste som tok opp tanken om historielag i Valdres, og han var også ein av dei fyrste som talte for å opprette Valdres Folkemuseum, som vart etablert i 1901. 7. januar same år skreiv han om saka i avisa Samhold. Der åtvara han folk mot utanbygds oppkjøparar av gamle gjenstandar og ivra for at eit felles museum skulle «samle og bevare alle slags gjenstande, som kan gi os oplysning om vore fædres liv og virke».

I eit innlegg i avisa Valdres i 1915 skreiv Ole at opphaldet på folkehøgskulen fekk han «til å forstå litt av naturens storhet og til at elske naturen, til at forstaa det skjønne og harmoniske i kunsten». Idealismen frå ungdommen heldt seg gjennom heile livet. «Den nasjonale tone klang gjennom alt han føretok seg, i skulestova, heimane, på lærarmøte og stemne elles». Dette skreiv Olaus Islandsmoen om Thorsrud då hans gamle førebilete vart seksti år.

Krigshandlingane i april 1940 tok knekken på den då over åtti år gamle mannen. P. Lillebrænd skreiv det slik i sitt kapittel om lærar Thorsrud i Valdres bygdebok band 6: «Så hende det verste våren 1940: Den tyske oskoreia valt inn over landet vårt som brennande eldmørje, inn i dei inste avdalane, sveipte inn i mørja alt og alle, også gamle Thorsrud. Vegvisar skulle han vera. Det hadde halt alltid vori, men berre i norsk lei. Påkjenninga vart for sterk for den gamle mannen, og ikkje lenge etter – den 13. mai 1940 – andast han.»

Ei unik boksamling

Etter at Ole O. Thorsrud døydde arbeidde lærarar og andre skule- og museumsinteresserte folk i Valdres for å få kjøpt den omfattande boksamlinga hans til bruk i skulemuseet som skulle reisast på Valdres Folkemuseum. Sumaren 1941 hadde dei skaffa nok pengar til å få kjøpt inn samlinga på 3500 bøker og hefte. Samlinga er framleis på Valdres Folkemuseum. Den omfattande boksamlinga speglar det vide interessefeltet hans. Side om side står 3500 boktitlar som særleg handlar om religion, etikk og filosofi, fråhaldssak, norskdomsrørsle, skulesak, salmebøker, ordbøker, folkeminne og historie.

Glede og sorg

I 1923 fekk Ole O. Thorsrud kongens fortenestmedalje i sølv for trufast arbeid for fråhaldssaka. Han og kona Guri Mikkelsdotter Sørbøen fekk åtte ungar i løpet av nitten år; fire gutar og fire jenter. Men det vart mange gravferder for fami­lien. Sju av ungane døydde tidleg, dei fleste av tuberkolose. I 1920 døydde også kona av same grunn. Det må ha vore tøffe år, men som typisk var i samtida var ikkje dette noko ein nemnte i artiklar og foredrag. Folkeopplysings­arbeidet i tida handla vel meir om å styrke nasjonen ved å bygge opp kunnskap og posi­tiv sjølvkjensle generelt, meir enn å dvele ved eigen lykke og ulykke.

Kjelder

Gjermundsen, Jon Ola: Gard og bygd i Sør-Aurdal B, 1987​ Lillebrænd, P.: Valdres bygdebok 6. Hveem, Johan: Bagn kirkes historie. Bagn 1967. Kirkeberg, O.L.: Minder fra Valdres. Valdres 1919. Avisa Valdres 7. mars 1907, 23. oktober 1913 og 11. april 1914 Olaus Islandsmoen: Kyrkjesongar Ola Thorsrud i bladet «Den 17, mai. Fedraheimen» 30. mai 1919.

Glede og sorg: I 1923 fekk Ole O. Thorsrud kongens fortenestmedalje i sølv for trufast arbeid for fråhaldssaka. Han og kona Guri Mikkelsdotter Sørbøen fekk åtte ungar i løpet av nitten år; fire gutar og fire jenter. Men det vart mange gravferder for fami­lien. Sju av ungane døydde tidleg, dei fleste av tuberkolose. I 1920 døydde også kona av same grunn. Det må ha vore tøffe år, men som typisk var i samtida var ikkje dette noko ein nemnte i artiklar og foredrag. Folkeopplysings­arbeidet i tida handla vel meir om å styrke nasjonen ved å bygge opp kunnskap og posi­tiv sjølvkjensle generelt, meir enn å dvele ved eigen lykke og ulykke. Foto: Th. Finne. BV 83-006. Th. Finne

Bilete på Digitalt Museum

Order this image

Share to