Nybakken ferdamannskvile/hvilested ved Norsk vegmuseum
Nybakken ferdamannskvile/hvilested ved Norsk vegmuseum Norsk vegmuseum

Nybakken husmannsplass: Kvilestad og livsgrunnlag

Nybakken husmannsplass er eit eksempel på korleis den norske husmannsfamilien kombinerte jordbruk, pliktarbeid og inntektsbringande arbeid. Plassen låg rett ved hovudferdselsåra gjennom Gudbrandsdalen, og den fekk dermed også funksjon som ferdmannskvile for reisande. I dag blir Nybakken bevart som del av museumsanlegget ved Norsk vegmuseum, og her kan plassen gi innsikt norsk kvardagsliv, samfunnsstruktur og samferdslekultur på 1800-talet.

Husmannen

Husmannsvesenet var ein sentral del av det norske førindustrielle samfunnet. Frå 1600-talet og fram mot første halvdel av 1900-talet fanst husmannsplassar spreidd over store delar av landet, særleg i område med oppdyrkingspotensial og nærleik til større gardsbruk. Husmannsplassen var ikkje berre ein fysisk buplass – den var også ein del av ein sosial og økonomisk struktur som reflekterer trekk ved maktforholda i norske bygdesamfunn.

Ein husmannsplass var eit leigd jordstykke som høyrde til ein større gard. Husmannen leigde dette jordstykket av bonden, og leigeforholdet var regulert gjennom munnlege eller skriftlege kontraktar. Til leiga høyrde ofte arbeidsplikt på hovudbruket, og leigevilkåra kunne vere både livslange og tidsavgrensa. Retten til bustad og jord var som regel knytt til denne arbeidsplikta, og ved brot på avtalen kunne husmannen miste både arbeid og bustad.

Det er vanleg å skilje mellom jordhusmenn (med jord til eige bruk) og plassar utan jord (ofte reine bustadar med pliktarbeid som motyting). I tillegg fanst regionale variasjonar i organisering og rettsleg status. Felles for dei fleste husmenn var låg grad av økonomisk sjølvstende og sosial tryggleik.

Husmannsplassen som bustad og produksjonseining

Husmannsplassen var vanlegvis bygd opp med ein enkel bustad, ofte ei eittromsstove («stugu»), og i mange tilfelle eit lite tun med uthus. Bygningsmassen var funksjonell og nøktern, med utgangspunkt i lokal byggjeskikk og materialtilgang.

Plassen kunne vere lokalisert i marginalt jordbruksland, ofte i utkant eller skrint terreng. Jordtilgangen var ofte avgrensa, og drifta på plassen gav sjeldan nok avkastning til å sikre tilstrekkeleg inntekt til familien. Mange husmenn kombinerte derfor gardsdrift med handverk, sesongarbeid eller arbeid utanfor heimen.

Bustadforholda på husmannsplassane reflekterte låge levestandardar. Bustadane var ofte overfylte, og dei hadde ofte sparsamt innbu og enkle sanitærforhold. Det materielle forbruket var lågt, og kvardagen var prega av sjølvforsyning, gjenbruk og heimeproduksjon. Tilgangen til mat, klede og varme var ofte avgrensa, særleg i år med sviktande avling eller låg arbeidsinntekt.

Artikkelen held fram under biletet.

Nybakken ferdamannskvile/hvilested ved Norsk vegmuseum Norsk vegmuseum

Sosiale forhold og maktstruktur

Husmannsplassen var ein del av ein sosialhierarkisk struktur i det norske bondesamfunnet. Garden representerte eigedom, politisk innverknad og lokal autoritet. Husmannen, som hadde låg juridisk og politisk status, stod i eit avhengig forhold til gardseigaren. Husmenn kunne sjeldan stemme før dei fekk økonomisk fridom, og mange levde under press frå økonomiske og sosiale normer.

Samtidig var husmannsplassen eit viktig element i lokal produksjon og arbeidsdeling. Husmenn bidrog til ressursutnytting, skogsarbeid, transport og handverk. Dei spelte ei rolle i oppbygginga av økonomien på bygdene, og dei var viktige i overgangen frå naturalhushald til pengehushald på 1800-talet.

Avviklinga av husmannsvesenet skjedde gradvis frå siste del av 1800-talet og inn i første halvdel av 1900-talet. Endringar i økonomi, samfunn og politikk i denne perioden påverka vilkåra for husmannsverksemd og bidrog til å avvikle husmannsordninga. Overgangen frå naturalhushald til pengehushald gjorde pliktarbeid mindre føremålstenleg, samtidig som industriveksten og utbygging av samferdsel og infrastruktur gav nye moglegheiter for løna arbeid utanfor landbruket. Mange husmenn valde å flytte til byar eller industristader, eller dei utvandra til Amerika i søken etter betre levekår.

På 1800- og byrjinga av 1900-talet vart husmannsordninga regulert gjennom revidering av offentleg lovverk, slik at husmenn fekk rett til å krevje skriftlege kontraktar og større juridisk vern. Seinare lover opna for innløysing av plassar og rett til eigen bustad, noko som førte til at mange husmenn etter kvart fekk status som sjølveigarar. Etter andre verdskrigen var husmannspraksisane i hovudsak avvikla.

Nybakken husmannsplass: Bygningsmiljø og bustadforhold

Mange husmannsplassar vart etablerte i Gudbrandsdalen. Éin av desse var Nybakken, og bygningane frå denne plassen gir eit innblikk i kvardagsliv, byggjeskikk og økonomiske forhold i siste del av 1800-talet. Historia om Nybakken viser også korleis ein husmannsplass kunne fungere som både heim og verksemd, og korleis husmannsfamilien måtte kombinere ressursar og roller for å overleve i eit samfunn prega av sosiale skilnader og økonomisk knappheit.

Nybakken var ein husmannsplass under garden Neristugu Gillebo i Øyer kommune. Mange husmannsplassar vart plasserte på mindre produktiv jord som låg i utkanten samanlikna med hovudgarden. Slik var det ikkje på Nybakken. Nybakken låg rett ved Gudbrandsdalschausseen, og dermed i direkte kontakt med ei sentral ferdselsline. Dette var viktig for å sikre at husmannsfamilien kunne tilby tenester som varme, kaffi, overnatting og stallplass til reisande.

Bustadbygninga på Nybakken representerer ein bygningstype som var vanleg blant husmenn i Noreg på 1800-talet: ei enkel eittromsstove, ofte omtalt som «firlafta stugu». Denne hustypen hadde ein grunnflate på om lag 20-30 kvadratmeter, og var bygd i lafta tømmer med saltak og open himling utan loft. I eine hjørnet stod ein gråsteinspeis, seinare supplert med jarnomn eller komfyr, som både gav varme og vart brukt til matlaging.

I stova på Nybakken var det ein skiljevegg som delte rommet i to soner, utan dør imellom. Ei slik rominndeling var ein enkel måte å skape eit visst funksjonelt skilje mellom matlaging, arbeid og soving utan å krevje fleire rom. Løysinga er i tråd med vanleg praksis frå andre husmannsplassar i Gudbrandsdalen og gir eit inntrykk av korleis ein kunne utnytte eit lite areal til fleire formål.

Innreiinga i husmannsstover var enkel og nøktern. På Nybakken, som i mange andre stover, var det eit bord med benkar rundt, ei eller fleire senger, eit koppskap og eit lite matskap. For familiar med born var det ofte ei vogge, gjerne opphengt i taket for å spare plass. Golvet kunne nyttast til flatsenger eller halmsenger i karm for ekstra soveplassar. Beretningar frå området fortel om senger som var korte og breie. Dei hadde underdyner fylt med halm eller storr, og skinnfellar som dyner. Laken var ikkje vanleg blant husmenn.

Sanitærforholda på Nybakken var enkle. Eigne utedoar vart vanleg først på andre halvdel av 1800-talet. Det er ikkje dokumentert eige utedo på Nybakken frå denne perioden, men det er sannsynleg at også Nybakken hadde dette. Nattpotte vart også brukt.

Bygningsmiljøet på Nybakken omfattar fleire bygningar, men berre stova er original. Låve og fjøs er seinare kompletteringar basert på dokumentert byggjeskikk frå regionen. Fjøset er delvis grava inn i jordbakken, i tråd med lokal tradisjon for å nytte jordvarme og spare byggemateriale. Låven som i dag står oppført på tunet, er ein ombygd gardslåve frå Kvam. Denne illustrerer korleis det kunne sjå ut på ein mindre plass med kombinasjon av fjøs og låve i eitt bygg.

Samla gir bygningsmiljøet på Nybakken eit fysisk uttrykk for dei avgrensa ressursane husmannsfamilien rådde over. Samtidig illustrerer tunet korleis husmannsfamilien organiserte kvardagslivet med tilpassing til klima og lokal topografi.

Artikkelen held fram under biletet.

Låven på Nybakken ved Norsk vegmuseum Norsk vegmuseum

Levekår og kvardagsliv

Kvardagslivet på Nybakken er skildra i erindringane etter Aksel Johansen, som vaks opp på Nybakken i 1870- og 1880-åra. Erindringane vitnar om materiell knappheit, hardt arbeid og tidleg ansvar.

Aksel vart fødd i 1871, og han vaks opp med bestemora Johanne. Johanne var gift med Engebrekt, som arbeidde som tømmermann og ofte låg borte frå heimen. Det daglege ansvaret for hushaldet og inntektsbringande aktivitetar fall derfor i stor grad på Johanne, og dette var ei relativt vanleg ordning for mange husmannskoner i denne perioden.

Dei økonomiske levekåra på Nybakken var tronge, men ikkje uvanlege for ein husmannsplass. Hushaldet baserte seg på ein kombinasjon av mindre jordbruk, vedhogst, småhandel og kafédrift. Born vart tidleg trekte inn i arbeidet, og Aksel hadde frå niårsalderen ansvaret for å bere og hogge ved.

Mattilgangen var enkel og monoton. Middagen bestod ofte av myssmørsuppe og flatbrød, eller berre kaffi og brødskiver. Ved enkelte anledningar lagde dei kålsuppe med kjøt, flesk og kål, men dette var ikkje kvardagskost. Til kvelds kunne det vere graut eller poteter med surmjølk. Desse skildringane samsvarer med forholda frå andre husmannsplassar, der kosten ofte var påverka av sesong, økonomi og tilgang til råvarer.

Klesdrakta var enkel og heimeprodusert. Barna gjekk barbeinte om sommaren, og dei hadde ofte berre eitt sett med vadmålsklede. Om vinteren brukte dei ei lang, tettkneppa jakke utan underbukse. Erindringane frå Aksel nemner at fråværet av underbukse gjorde aking i snøen til ein kald fornøyelse. Sko vart laga på bestilling av omreisande skomakarar, og Aksel fortel at han og brørne fekk eitt par lærstøvlar kvar vinter.

Ferdmannskvile og kafédrift

Gudbrandsdalschausseen fungerte som hovudferdselsåre frå midten av 1800-talet. Denne vegutbygginga var eit resultat av statlege investeringar i infrastruktur som opna for auka mobilitet og kommersiell aktivitet. Med betre vegstandard og høgare trafikk kom også behovet for faste kvilepunkt langs ruta, der både folk og dyr kunne få ein pause på vegen. Nybakken utvikla seg i dette landskapet som ein kombinasjon av husmannsplass og ferdmannskvile.

Ferdmannskviler langs viktige ferdselsårar fekk stor betydning i ein periode der transport av varer, personar og post i stor grad var basert på hest og kjerre. Gudbrandsdalen var ein sentral ferdselsåre mellom Austlandet og Nord-Vestlandet, og der fanst det fleire slike kvilepunkt. Desse var ofte knytte til små gardsbruk eller husmannsplassar med tilgang til stallplass, varme og enkel servering. Nybakken var éin av desse.

Plasseringa ved Gudbrandsdalschausseen knytte Nybakken til ferdselskulturen på 1800-talet. Plassen hadde stallplass til fire hestar, og husmannsstova hadde overnattingsplass til gjestar. Gjestane måtte ofte dele seng eller liggje på flatsenger på golvet. Dette var vanleg praksis på slike kvilestader.

I tillegg til losji, kunne Johanne ved Nybakken tilby kaffi og enkle bakverk som bakkelssnippar. For mange lasskøyrarar var dette eit viktig avbrekk frå ein elles strabasiøs kvardag. Ein kopp kaffi og to bakkelssnippar kosta 13 øre, og omtrent same pris vart sett for overnatting med kaffi om morgonen. Trass i det avgrensa omfanget, var slike inntekter viktige for ein husmannshushaldning som elles hadde få pengestraumar.

Ferdmannskvila på Nybakken var ikkje berre eit praktisk støttepunkt, men også eit sosialt kontaktpunkt. Her møttest folk frå ulike delar av dalen, både lasskøyrarar og småbønder, og husmannsplassen vart slik ein stad for utbreidd sosial kontakt. På denne måten fungerte Nybakken, og tilsvarande kvilestader, som ein arena for både informasjonsutveksling og kvardagsleg fellesskap.

Bevaring og formidling

Bygningane frå Nybakken vart flytta til Norsk vegmuseum som del av eit breiare formidlingsarbeid knytt til norsk veg- og ferdelshistorie. I dette arbeidet speler Nybakken ei viktig rolle. Plassen representerer sosialhistoriske forhold frå ei periode med stor utvikling, og den viser samtidig korleis lokale forhold la rammer for ferdsel og kommunikasjon på andre del av 1800-talet. Nybakken er i dag utstilt som del av museumsparken ved Norsk vegmuseum, og slik gir plassen eit levande bilete av korleis husmannsplassar og ferdmannskviler fungerte i praksis.

Historiene frå Nybakken synleggjer korleis strukturelle rammer, slik som manglande eigedomsrett og låg inntekt, påverka kvardagsliv og livsvilkår i det førindustrielle Noreg. Plassen gir innsikt i korleis slike vilkår påverka alt frå bustadstandard og kosthald til arbeidsdeling og sosial mobilitet. Slik opnar Nybakken for breiare refleksjonar om klasse, kjønnsroller og lokal tilpassing. Desse historiene blir i dag bevart og formidla ved Norsk vegmuseum.

Stallen på Nybakken ved Norsk vegmuseum Norsk vegmuseum

Kjelder og litteratur

  • Berg, Arne. Liernes forbruksforening 100 år. Nordli: Liernes forbruksforening, 1997.
  • Berg, Arngeir og Rune Ottosen. Med hjerte i døra: Et bidrag til doens historie. Oslo: Tiden, 1988.
  • Engen, Arnfinn. Husmannstid og husmannsfolk. Lillehammer: Dølaringen boklag, 2001.
  • Fyksen, Tora Kamstrup. Samferdsel i Norge i vårt århundre. Lillehammer: Kulturveteranene i Norge, 1997.
  • Fåberg Historielag. Husmannsplasser i Fåberg. B. 2: Vingrom, Fåberg hovedsogn, Saksumdal. Lillehammer: Fåberg historielag, 2005.
  • Grønoset, Dagfinn. Dalene i øst. Oslo: Aschehoug, 1983.
  • Jarnøy, Dag. Fra gård til villa på Bekkelagshøgda. Oslo: Bekkelagshøgda lokalhistoriske forening, 1997.
  • Johansen, Aksel. Aksel Johansens erindringer. Tilrettelagt av Per Bretteville-Jensen og Anne Line Bretteville-Jensen.
  • Jordet, Kirsti. Særtrekk ved kobberverksdrifta ca. 1640-1890: Rørosverket og bygdene i Nord-Østerdalen i samspill og konflikt. Kulturavdelingene i Tolga og Os, 2003.
  • Nygaard, Truls. Bilder fra gamle Østfoldalbum. Oslo: Landbruksforlaget, 1984.

Share to