Ingeborg, Birgit og Valborg Gravdal på kaffitur i Bygda
Ingeborg, Birgit og Valborg Gravdal på kaffitur i Bygda Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Husmora - den første "influensaren"

I 1960 kunne Statistisk sentralbyrå melda at meir enn femti prosent av norske kvinner over 15 år var heimeverande husmødre, og kjøkkenet var Norges største arbeidsplass.

Eit moderne mirakel

«Det hvite kull – Norges gull» var slagordet for den elektriske straumen som skulle gjera sitt inntog i norske heimar.

I dag er ein kvardag utan elektrisk straum utenkeleg. Men det er ikkje lenge sidan det ikkje var ei sjølvfølge at ein berre skrudde på ein brytar for å få ljos. Først fekk ein straum til ljos, så kom dei elektriske hjelpemidla som vaskemaskin, steikeomn, støvsugar, strykejern osb., og det heile var ikkje mindre enn eit moderne mirakel.

Det store gjennombrotet kom i mellomkrigstida.

Industrien var hovudmottakar for straumen, men fordi det etter kvart vart produsert meir enn kva industrien brukte, fekk folk tidleg lys i hus og heim. Likevel var straum i heimen ikkje likt fordelt over landet. Før krigen blei det rett nok produsert meir straum enn kva som blei brukt, og folk blei oppfordra til å bruka mest mogleg, men berre halvparten av husmødrene på gardane hadde fått elektrisk straum i 1939. Ofte fekk fjøset straum før kjøkenet.

Etter krigen vart det produsert mindre straum, heimane vart nedprioriterte og industrien fekk førsteretten. Husmorforbundet kartla straumsituasjonen i landet og samla inn informasjon som viste at mangelen var stor.

Vass-saka, med innlagt vatn til alle, var også ei viktig politisk sak i etterkrigstida, og det var stor velvilje og semje blant politikarane til å få innlagt vatn og straum i alle husstandar.

Likevel tok det lang tid før alle heimar hadde innlagt vatn. Først i 1957 hadde dei fleste fått elektrisk straum. Samstundes måtte 5000 familiar i Oslo framleis henta vatn i ein vasspost ute på gardsplassen.

Vass-saka vart drøfta på Stortinget heilt fram til 1965.

Elektrifisering

Kvinnene hadde lagt ein lang og hard veg bak seg då den elektriske straumen for alvor gjorde sitt inntog i norske heimar på 1950-talet. Det var ikkje tvil om at det var husmora som profiterte mest på elektrifiseringa.

Om vinteren var det is på golvet i vaskekjellaren. Klærna var frøse fast i stampen, for de måtte jo ligga i vatn. Pappa reiste på arbeid i halv seks tida om morningen, så han var nede i fire-fem tida og fyrte så det skulle væra varmt til vi kom ned. Først vaska vi, så kokte vi, og så vaska vi igjen. Når vi var ferdige var det ikkje hud igjen på fingrane.

Søstrene Hardis og Bodil

Sjølv om behovet var enormt, kunne ein kanskje trudd at nokon var skeptiske til elektrisiteten, ville ha hevda at den var farleg, at den kunne ha helsemessige skadeverknader fordi den var noko unaturleg - men slik var det ikkje; det fanst ingen motstandarar av elektrisitet i heimen, og den vart teken imot med begeistring.

Vaskemaskin, komfyr og kjøleskap, innlagt varmt vatn, elektrisk oppvarming og strykejern var nok utan tvil til avlastning for husmora. Samstundes auka mengda av arbeid. Ho hadde eit lite handlingsrom, og forventingane frå samfunnet var store. For dei fleste vart det daglege husarbeidet utvida, for trass i fleire hjelpemidler hadde ho færre born og ikkje så mange hender å fordela arbeidet på.

Etter kvart byrja husmora å stilla seg spørsmål om eigen situasjon, og omgrepet husmor vart mindre brukt. Husmora gjekk no over i rolla som forbrukar og lønnstakar, og søkte arbeid i eit vaksande industrisamfunn som trong arbeidskraft.

Hardt arbeid

Klesvask hadde tidlegare vore eit fysisk anstrengande arbeid. Store mengder med vatn skulle hentast i elv, bekk eller vatn og bærast inn, visst ikkje ein vaska ute. Så skulle vatnet varmast opp i gryter som ein fyrte opp med ved. Sjølve vaskinga var tung for armar og rygg; klede skulle vris, skyllast og hengast opp til tørk eller leggast ut på bakken til bleiking. Etter at det var gjort, skulle det kanskje strykast eller rullast. Det var så omstendeleg å vaska klede, at det var noko ein gjorde kanskje berre fire gonger i året. Til klesvask, oppvarming og matlaging måtte ein fyra opp bål ute, eller i omnar med ved eller koks.

Etterkvart kom det vasspumper i nærleiken av huset, og i takt med elektrifiseringa, fekk heimane innlagt vatn med utslagsvask eller eit støypt kar i kjellaren. Dei første vaskemaskinene stod helst i kjellaren og var store kar som vart fyrte opp med ved. Klesvasken hengte ein til tørk i hagen, på tørkeloft eller på altanar.

Influensarane

Dei nye elektriske hjelpemidlene gav nye moglegheiter for å gjera arbeidet i heimen lettare. Kvinneorganisasjonar førte no an i arbeidet med å elektrifisera heimen. Komiteen Norske Kvinners Nasjonalråd, som vart etablert i 1919, sette i gang eit storstilt arbeid med elektriske utstillingar, foredrag og informasjonsbrosjyrar. Ukeblader presenterte elektriske apparat og dei moglegheitene desse gav. Elektroingeniørar og teknikarar fekk spalteplass i kvinneblada, og utstillingar vart støtta med økonomi og materiell av elektrisitetsverket.

Elektrisitetsverk tilsette husstellærerinner for å demonstrera det elektriske kjøkkenet sine moglegheiter. Ei av dei som gjorde karriere utav dette, var husstellærar Ingerid Askevold (1896-1981) som var tilsett i Statens opplysningskontor i husstell. Ho var den første som nytta film for å formidla husstell og matlaging.

Vi står nemlig i dag som herskerinner i våre kjøkken og kan selv bestemme hvor meget og hvor lite varme det skal tilføres de forskjellige matvarer. Å bake brød og steke stek, det er jo den rene fornøielse når man har en elektrisk stekeovn av i dag.

Gerd Wiborg Thune

Reklame for vaskemaskin på 1920-talet

Vippe

Sjølv om ei landsomfattande elektrisitetsforsyning byrja å utvikla seg på 1930-talet, hadde ikkje husmødrene uendeleg tilgang på straum. Husstanden abonnerte på straum til eit visst antal lampar, og med hjelp av ei "vippa" eller "vendar" kunne ein velgja å bruka straumen til noko anna, som til dømes eit strykejern om ein slo av nokon av lampane.

Felles vaskekjellarar hadde ofte målarar med myntautomat. Brukarane betalte på automaten for straum til vaskemaskin og tørkerom.

Vi fekk strøm i 1948. Då kan du tru det var ei heil omveltning. Plutselig var det berre å skru på ein brytar, og det blei lys! Vi hadde ei vippa. Viss du brukte meir enn det du abonnerte på, slo vippa inn og lyset blinka no fan’s vilt. Det var ikkje mykje du kunne ha på samtidig.

Kvinne Lofoten

Husmora, nyvinningane og ei ny tid

I 1947 rekna elektrifiseringsnemnda ut kva mengder kraft som måtte byggast ut for å tilfredsstilla behovet for straum ein ville koma til å ha i 1970. Men allereie i 1954 låg behovet heile 70 prosent over desse berekningane. Kraftforbruket per innbyggjar var på denne tida det høgaste i verda.

Sjølv om Norge sette verdsrekord i kraftutbygging, var elektrisk oppvarming med panelomnar så populært og behovet for straum så stort, at det ikkje var praktisk mogleg å tilfredsstilla. Etterspurnaden skapte kraftmangel over heile landet. På 1950-talet var straumkrisa eit faktum.

I enkelte aviser kunne ein lesa overskrifter som «Unødvendig elektrisitetsforbruk må betegnes som landsskadelig».

Husmora si rolle i straumkrisa var nok større enn det elektrifiseringsnemnda hadde sett for seg. For henne var det aldri snakk om å kutta ut dei elektriske hjelpemidla, heller tvert imot.

Resultatet på straumkrisa vart meir kraftutbygging. Den 23. april 1956 gjorde Stortinget eit endeleg vedtak om utbygging av Tokkevassdraget, som auka norsk straumproduksjon med 10 prosent, og vart det til då største vasskraftverket i landet.

Husmor Kristi Nesheim på sitt nye kjøken Kraftmuseet

Kjelder

Iris Furu: Husmorboka, et gjensyn med Norges glemte arbeidsplass.

Eir Grytli og Eli Støa: Fra årestue til smarthus

Anna Jorunn Avdem: Husmorparadiset

Hilde Danielsen: Husmorhistorier

Odda Mållag: Odda i Manns Minne

Kraftmuseet arkiv

Share to