Vasskraftmonumentet Elektra av Finn Eirik Modahl
Vasskraftmonumentet Elektra av Finn Eirik Modahl Harald Hognerud

Det nasjonale vasskraftmonumentet Elektra

Vasskraftmonumentet Elektra er seks og ein halv meter høgt og går i ein 75 meter vid spiral i jorda. Monumentet omfattar sneglehuset, turbinen og alfakrøllen. Skulpturen består av granitt og 999 lag med handskårne, horisontale glassplater. Vatn, lys og lyd er ein del av monumentet. Det symboliserer krafta og spenningen som vasskrafta var for Norge, samstundes som den viser framtida si bruk av høgteknologi.

Kunstnaren bak Elektra er Finn Eirik Modahl www.modahl.com

Tyssedal er ein typisk industristad. Klart avgrensa av Sørfjorden, høge fjell og Hardangervidda.

Fjellet genererer vår viktigaste fornybare ressurs - "det hvite kull" - vasskrafta.

Sørfjorden er isfri året rundt, noko som er ein fordel for frakt av foredla kraft i form av industrivarer ut i verda. Staden er heilskapleg bygd opp etter rådande idealer i tida, og heilskapen er bevart slik at vi kan sjå og forstå industrihistoria si betydning for landet.

Det nasjonale vasskraftmonumentet Elektra står i skjeringspunktet mellom dalen ned frå fjellet og fjorden ut i verda. Herfra har du utsikt til industristaden med natur, produksjonsbygningar, institusjonar og bustader, - alt like nødvendig i heilskapen. På denne staden som tydeliggjer historia vår gjennom meir enn 100 år, står eit moderne monument som peiker inn i framtida. Det viser vasskrafta som vår største naturgitte og berekraftige ressurs.

Opninga av Elektra i 2000 Harald Hognerud Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Bygginga av monumentet vart påbegynt i 1999 og offisielt opna og innvia i 2000. Elektra er det einaste norske verk som er omtala i det amerikanske tidsskriftet "Sculpture Mag".

Elektra vart bygd på staden der Storhotellet ein gong stod.

Bygging av monumentet i 1999 Harald Hognerud Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Order this image

Share to