Lærarar ved Odda folkeskole
Lærarar ved Odda folkeskole Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Maria Låte (1886 - 1979)

Lærar og tradisjonsberar, her sitjande framst saman med kollegaer. Maria sitt første store og viktige mål var å ta lærarutdanning. Ho kom frå ein husmannsplass på Bleie og gjekk ved Notodden private lærerskole frå 1904 til 1907.

I handarbeid og munnleg norsk fekk ho beste karakter: Særs godt. Etter fleire års praksis og to born, plussa ho på med faglærarutdanning ved Statens Lærarskule i husstell på Stabekk i Bærum. Mannen Lars tok ansvaret heime med gutane. Maria brann for husflid, hardangersaum og bunadsarbeid heile livet, men og for mange andre tradisjonar og ideal.

Maria byrja som lærar ved Odda folkeskule i 1911. Odda fekk ny moderne skule i 1913 og Odda lærarlag vart stifta i 1914. Ho var med frå starten. Her hadde ho likesinna kollegaer og laget var til inspirasjon og støtte. Då laget feira 50 år skreiv ho i jubileumsheftet at Odda hadde mange engasjerte lærarar, men me "lærarinnene var ikkje ofte med i diskusjonen". På 50 år hadde Odda lærarlag berre eitt år med kvinneleg leiar; Anna Eidnes i 1927/28.

Maria og mannen engasjerte seg i årevis mot rusdrikken. Losje Folgefonn, IOGT, var ein stor og aktiv organisasjon med eige hus på nabotomta til Odda Barneskule. To vers frå songen til 30-årsjubileet 9. oktober 1937 seier mykje om verdiane dei kjempa for:

Vi ser det all hver kvinne, mann, at rusdrikk herjer i Hordaland. Vi derfor ville dens hærtokt stille så langt vi kan.

Vi vil et land som er mitt og ditt!
Vi vil et land som er rusdrikkfritt! Fordi blant annet vi elsker landet som ditt og mitt!

Då Maria gifta seg i 1910 med Lars Låte (1880 - 1965) på den eine Hjøllogarden i Odda, hadde ho nok valet mellom å halda fram som lærar eller bli gardkona på full tid. Ut frå data i folketeljinga per 1. desember 1910, er ho oppført som heimeverande med ansvar for "gaardsbruket og husholdningen". Men det var nok berre ein kort mellomperiode ho hadde denne statusen. Ho hadde satsa mykje for å få utdanning og ville nok ikkje slutta etter få år i yrket. Frå Hjøllo hadde ho kort gangveg til arbeid. Skulen låg i sentrum og hadde gode forhold. Men klassane var store og arbeidspresset hardt. Etter nokre arbeidsår ved Odda folkeskule, tok ho eit år faglærarutdanning vad Statens lærarskule i husstell på Stabekk. Det kan ikkje ha vore lett å reisa frå to gutar på 7 og 5 år. Det avgjerande må ha vore mannen Lars si innstilling. I talen til rubinbryllaupet etter 40 år, rosar ho Lars for at det var han som tok hovudansvaret for borna og orsakar seg for at ho ikkje var så oppofrande som så mange andre mører. Eg var på skulen og sleit med så mange der så eg vart trøytt og sleten før eg kom heim, og vann ikkje så godt over heimearbeidet som eg skulle . Og det er ikkje så godt å vinna over meir enn eitt arbeid har ho skrive frå talen som er referert i ei av dei mange notat- og utklippsbøkene frå eldre år.

Forholdet mellom heim og skule

Ho skriv at ho la vekt på samarbeid mellom heim og skule. Og ho har tankar om forståing mellom ektefellene sitt ansvar: På ein gard er det sakt mykje arbeid, ... Kor mange gonger ynskte eg ikkje at du og skulle ha vore i skulestova, endå eg tykkjer at arbeidet der er mykje meir slet enn heime på garden, men då hadde ein betre skynt sletet åt einannan..- - - Men ho understreka: Det var særs godt å ha ein snill mann som kunne føya seg etter forholda og ta det med logn ro om ikkje alt var som det skulle vera i heimen. Ho visste andre syntest synd på han, men kva andre sa brydde eg meg lite om, - eg sov like godt for det. Ho hadde tru på eigne vurderingar. Men ho trøystar seg litt med at borna var glade då ho kom heim og då ho hadde fri. - Ein sommar tok ho endå dei små gutane med til Hotel Folgefonn på Seljestad og hadde ferie nokre dagar. Ho sende kort til mannen og gav uttrykk for at dei hadde det bra og at det var godt å gå til duk og dekka bord. - Men nett det siste gjorde ho nok ofte heima og.

Lars og Maria var svært oppglødde for ideala omkring norsk kultur og språk. Tidsskrift som Urd, Kvinnen og tiden, Syn og Segn, Fossegrimen, Nynorsk Vekeblad, årbøkene Norveg, Hardanger historielags årsskrift, Norsk Årbok, Gula Tidend og bladet Hardanger fyllte postkasse og hug gjennom mange år. Dei skaffa seg "påfyll". Truleg møtte ho Hulda Garborg personleg då Det norske spellaget gjesta Odda og spelte "til stor jubel" for tre fulle hus i Ungdomshallen i 1912.

På 1920- og 30-talet restaurerte ho og mannen den gamle tømra røykstova i tunet på garden og gjorde ho om til ei flott feststove. Dei skaffa husflid og handverk av beste slag: utskorne møblar frå Lars Kinsarvik sin verkstad og vevde ting frå Kristi Meland i Frida Hansen-stil. Det er sagt at dei bruka heile årsløna til Maria på "gamlastovo" eit år, så dette var verkeleg snakk om identitetsdyrking og statusvalg! - Maria vart nok omtala på bygda for dette og, men dei gledde seg stort over resultatet og brydde seg mindre om det mogelege folkesnakket.

Andre saker Maria vert hugsa for er arbeidet for Odda Husflidslag og vidareføring av bunads- og husflidsteknikkar. Ho har brodert fana til Odda bondelag og ho broderte den flotte altarduken i hardangersaum til Odda kyrkje då kyrkja var restaurert og vigsla på nytt i 1955. - Mykje nattarbeid gjekk med til arbeidet og det sleit på helsa. Men ho gjekk vidare og var ei av eldsjelene bak den flott bruredrakta som Odda Husflidslag og Odda Bondekvinnelag (no Bygdekvinnelag) laga for utlån frå 1961. Mange har stått krunebrur i den. - Men desse aktivitetane ligg utanfor tidsramma for artikkelen som er "pionertida" i Odda kommune.

Familiebakgrunn

Maria var født Elen Maria Bleie. Ho vaks opp på ein husmannsplass under bruk 4 på Bleie i Ullensvang. Foreldra var svært dugande og samarbeidde godt. Mora hadde eit sanningsord; "mykje kan verta for lite, men lite kan verta nok". Faren Knut eigde ei skøyte og reiste på Stavanger-marknaden med smør, ull og vadmål, eller bondevarer som dei sa. Truleg gav fraktefart og handel økonomi til lærarutdanninga. På Bleie var det lange tradisjonar for å dyrka kunnskap og bokleg lærdom. Mora Joronn las høgt for dei og dei hadde mellom anna bladet "17.de Mai" i heimen, så Maria var inspirert av miljøet der ho vaks opp. Ho hadde tre flinke systre. Ei var utdanna meierske og to gifta seg og vart gardkoner. Systera Margreta som var gardkona på Kvestad skreiv brev til Maria den 5. november 1918 då ho var på Stabekk. Eg er so redd detta, spanskesykje, at du kunne faa fat paa det. Det hev vore saa vondarta fleire stader og mange hev døytt av det. - No høyrer eg du hadde havit da. skriv Margreta. Ho nemner og borna og skriv: Mange spør Lengtar du ikkje heimatt no? Kva Maria svarar veit vi ikkje. Men på slutten av brevet kjem systera med eit praktisk spørsmål, - systera hennar går trass alt på husstellærarskulen:hev du inkje ei god og billig uppskrift paa ein sort kaffibrød? So send ho. Dryg inkje so lengje som eg, før du skriv att.

Etter lærarskulen på Notodden (1907) var Maria lærar på Lofthus to eller tre vintrar og så i Åna Sira eitt år før ho flytta til Odda. Lars og Maria gifta seg i 1910 (ikkje 1911 som det står i bygdeboka) og dei fekk tre born og mange etterkomarar. Maria vart 93 år og ho budde på Hjøllo i nær 70 av dei. Ho hadde eit svært rikt og engasjert liv.

Kjelder

Samtale med Jon Låte den 6.6.2013.

Privatarkiv med Notat-/utklyppsbøker etter Maria Låte / Maria Bleie og brev frå Margreta (Kvestad) 5. november 1918.

Olav Kolltveit: Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid. B 3:II og 4:I. Bleie og Hjøllo.

Odda Lærarlag 50 år, 1964. Odda Lærarlag 75 år. 1989.

Margreta Kvestad: Husmannsminne. I Hardanger, Hardanger Historielag, 2006.

Opplysningar frå Lars O. Bleie, Bleie.

Hulda Garborg: Dagbok 1903 - 14. Aschehoug 1962.

Adressebøker og Eksamensprotokol for lærerprøven ved Notodden private lærerskole og ungdomsskole, 1904-1907. Statsarkivet i Kongsberg.

Folketellingen 1910. Statsarkivet/Digitalarkivet

Share to