Nordaganlegget på Eitrheimsneset
Nordaganlegget på Eitrheimsneset Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Industristaden og 2. verdskrig

"I ein moderne krig er industriproduksjon like viktig som den militære innsats."

Sitat frå boka Industrien under hakekorset.

Odda og Tyssedal var eit viktig mål for okkupasjonsmakta. Kraft- og industrianlegga vart vokta av tyskarane sjølv for å tryggja ein stabil produksjon. Alle bedriftene vart pålagde å ha ein tysk kontrollør i administrasjonen. Tyskarane forlangde at produkta frå industrien vart stilte til disposisjon for krigføringa. Samstundes tydde produksjonen mykje for norsk sjølvforsyning.

Den tyske okkupasjonsmakta sin reidskap i Norge var Nasjonal Samling med Vidkun Quisling som leiar. Partiet var stifta 17. mai 1933, og då krigen braut ut var partiet i ferd med å bli stort. Våren 1941 hadde NS 25 000 medlemmer.

Nazipropaganda

Gjennom NS sitt propagandaapparat vart det norske folk fora med flygeblad, oppslag, plakatar, slagord, tidsskrift, bøker, radiosendingar, filmaviser og propagandamøte. Norske aviser blei sensurerte.

Alle forbund, lag og organisasjonar vart nazifiserte. Skulen og kyrkja vart pålagde å vera lojale mot NS og den tyske okkupasjonsmakta. Sensuren gjaldt overalt i samfunnet.

"Dette er London"

Radioen har ein spesiell plass i folk sitt minne frå krigen. Gjennom radiosendingar frå London fekk ein nyheiter og underhaldning. Men radioen vart og brukt til å få sendt ut meldingar til kontaktnett som ga ut illegale aviser. Motstandsorganisasjonen Milorg fekk meldingar via radiobølger som var koda og som kunne fortelja om flyslepp eller sabotasjehandlingar. Difor vart det forbudt å ha radioapparat. På Vestlandet fekk alle beskjed om å levera inn radioane sine sommaren 1941. Seinare gjaldt dette for heile Norge.

I Odda vart alle beslaglagte radioar innelåst i underetasjen på barneskulen. Det hende at folk som jobba illegalt klarte å ta seg inn i dette rommet og stela radioar.

Tilsaman vart det beslaglagt 538 000 radioar i heile landet i krigsåra. Mange klarte likevel å lura unna radioar. Desse vart gjøymd i kjellarar og på loft, eller i holer og urar i skogen. Andre laga krystallapparater - små, enkle radioar som ein kunne få inn sendingar på.

Men folk var fulle av finurlege idear og oppfinningar for å få høyre nytt frå dei allierte. Tyssedølen Iversen gjøymde radioen i tønna med grisemat, ein svenske i Tyssedal bygde apparatet inn i ei stuelampe, der brytaren slo lampa på den eine vegen, og radioen på den andre. Var det mørkt, kunne han lytta, kom det nokon, slo han på ljoset og av radioen.

Gartnar Træen hadde innreida eit radiorom i kjellaren. Plutseleg og uanmeldt stod tyskarane der ein dag, men Træen klarte akkurat å rømma med radioen før dei kom. Berre hodetelefonane låg att på ei hylle. Kona til Træen avleida merksemda til tyskarane så dei ikkje oppdaga hodetelefonane, men vart teken som gissel og satt i fengsel på Grini i åtta månader.

Vaktmester Johannessen på Odda sjukehus hadde laga radioapparat til Anders Røthe, som var lam frå nakken og ned. Røthe kunne betjena radioen med ein pinne han brukte munnen til å styra med. Radioen vart konfiskert av tyskarane, og Johannessen arrestert og sendt i konsentrasjonsleir i tre månader.

For dei som publiserte illegale aviser var radioen ei heilt sentral informasjonskjelde. Meldingar både frå London og frå ulovlege radiosendarar her i landet vart vidareformidla gjennom enkle avisblad.

Gutar lyttar til radio. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Heimefronten

Den militære motstanden var knust alt fyrste våren av krigen. Alt vidare motstandsarbeid måtte byggjast opp hemmeleg. Det kom i funksjon i 1941/42. Den militære norske heimefronten var organisert i avsnitt eller område. Området frå Eidfjord til Skare var inndelt i fem kompani og høyrde til Haugesund-Odda avsnittet. Røldal høyrde til avsnittet for Vest-Telemark, Røldal og Øvre Suldal.

Milorg fekk våpen, klede og utstyr frå England. Dette kom med fallskjermslepp eller dropp på avsidesliggjande stader i fjellet. Alt måtte føregå om natta og via hemmelege kodar og meldingar. Milorg-grupper ved Vendevatnet i fjellet over Espe og ved Kjeidalsvatnet i Rullestadfjellet tok imot fleire dropp. Det første kom i 1943, dei fleste våren 1945. Då kapitulasjonen kom i 1945 hadde Milorg våpen og utstyr til 400-500 mann. Dette utstyret blei aldri brukt i kamp, kun til vakthald og defilering i gatene. Men det var usikkert korleis tyskarane i området ville reagera på kapitulasjonen. Milorg hadde planar for overtaking av vakthold og kontroll. Tyske tropper var i landet i fleire månader etter 1. mai. Heimefrontkarane stod for vakthaldet i denne perioden.

Heimefrontkjemparar i Tyssedal mai 1945. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Fredsdagane 1945

Om ettermiddagen 7. mai 1945 kom den etterlengta meldinga: Tyske militære i Norge hadde kapitulert. 350 000 tyske soldatar skulle avvæpnast og samlast i interneringsleirar.

Flagg vart heiste, folk strøymde ut på gatene i gledesrus og song "Ja, vi elsker..." Etter fem lange år vart blendingsgardinene rive ned. Elektrisk lys flaumde igjen ut frå vindauga i Odda. Det norske flagget vart heist på Hjøllo alt den 7. mai kl. 16. Dei hadde radio og visste om freden alt kl. 15, men brukte ei tid på å leita etter flagget som dei ikkje hadde kunna bruka på fleire år.

Tysdag 8. mai vart den store fridomsdagen. Folk samlast på torget i Odda Frå ein høgtalar høyrde dei Churchill, kronprins Olav, kong Haakon og statsminister Nygårdsvold tala. Dei mana det norske folk til å ta situasjonen på ein verdig måte. Dei som hadde vore i dekning kom fram. Fangar frå Espeland, Grini og andre fangeleirar kom heim. Dei fleste Tysklandsfangane kom heim til Odda 22. mai - 50 i eitt følgje.

Freden vart feira mange gonger denne våren. Eit større 17. maitog enn i 1945 har det aldri vore i Odda. Den 7. juni kom kong Haakon tilbake til Norge. Det vart ein stor merkedag. Ved eit tilfelle låg den britiske kryssaren "Devonshire", som førte kongen til England, i hamna i Odda den 7. juni 1945.

Prisen for gleda den 8. mai 1945 var høg å betala. Mange liv var tapt. Mange hadde gjennomlevd umenneskeleg liding. Mange måtte bera på vonde minner og tung sorg.

Fredshelsing frå Heimefronten på frigjeringsdagen. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Share to