Industriarkivet
Industriarkivet Terje Lægreid (Copyright)

Industriarkivet

Transformator- og fordelingsstasjon Bygg 004, byggeår 1906-08, utvida i 1913-14

Bygget tok i mot, transformerte og fordelte all elektrisk kraft frå Tysso I til smelteverket, andre verksemder og til privat forbruk i Odda. Kraftlina kom frå Tyssedal, kryssa elva Opo og gjekk rett til fordelingsstasjonen der leidningane forsvann inn gjennom veggen i teglsteinsmuren.

Kraft produsert i høgtrykksanlegg som Tysso I, var grunnlaget for å etablera tungindustri i Norge. 4. mai 1908 blei det overført kraft for fyrste gong til karbidfabrikken. Det kvite tilbygget du kan sjå mot elvabarden tek imot krafta i dag, og vart bygd i samband med Tysso II utbygginga i 1967. Odda kom med i samkjøringsnettet frå 1967. Eigar i 2016 er Odda Energi AS.

Bygget har internasjonal teglsteinsarkitektur med klassisistiske detaljar. Denne arkitekturen er representativ for industristader med utanlandske, spesielt engelske eigarar. Den internasjonale arkitekturen viser eit klart brot med den regionale byggeskikken i Hardanger og plasserer Odda i verdssamfunnet.

Bygget vart rehabilitert i 2013 til arkivføremål, med klimastyrte magasin, mottaksrom, møterom og arbeidsplassar for ordning av industriarkiv.

Trafostasjonen er det kvite bygget ved elva Kraftmuseet (Copyright)

Mannen med ljåen og 25 Hz (langsomme perioder)

Han gjekk og slo graset ved trafostasjonen. Graset var langt, og han la all kraft i slaga. Der traff han ein høgspentkabel! Andre arbeidarar styrta til, og lurte på om han levde.

Jo, det gjekk bra. Eg trefte midt mellom to periodar.

Industriarkivet Kraftmuseet (Copyright)

Order this image

Share to