Krigsarbeid
Krigsarbeid Kraftmuseet arkiv Attribution-NonCommercial (CC BY-NC)

Industrien i krigsåra

Fyrste verdskrigen vart utløyst tidleg i august 1914 av skota som falt i Sarajevo.

Karbidfabrikken i Odda var budd på at verdskrigen ville ha trong for kalsiumcyanamid til ammoniakk og vidare via salpetersyre å produsera sprengstoffet Ammoniumnitrat. Det ville også bli eit underskot på nitrogengjødning, noko som bana vegen for den billegare erstatninga cyanamid.

Innverknaden på børsen gjorde at Oddafabrikkane ikkje klarte å skaffa dei naudsynte midlane til å fortsetta, og stansa drifta den 4. august 1914. Dei neste dagane forlot om lag 1000 innbyggarar Odda.

Men då verda trengte produkta frå Odda, både til sprengstofføremål, men òg til matproduksjon, starta produksjonen opp att i september same år. Oddafabrikkane var ikkje dei einaste som såg nytteverdien i produksjon av cyanamid i krigsåra, ei rekke nye cyanamidfabrikkar vart etablerte rundt om i verda, og i 1919 kollapsa marknaden. Ei omfattande finanskrise sette inn med verknad på alle land. Fabrikkane måtte stenga produksjonen att våren 1921. Nærare 1000 mann vart arbeidsledige. Dei som ikkje kunne reisa frå Odda fekk seg nødsarbeid på vegane i distriktet.

Aksjane i Oddafabrikkane gjekk over til AS Tyssefaldene, som saman med Hafslund-Meraker skipa Odda Smelteverk AS i 1924. I 1937 vart aksjane selde til det britiske selskapet British Oxygen Company – BOC.

Andre verdskrig og industrien

Då den andre verdskrigen hadde herja i eitt år, gjekk livet framleis sin fredelege gang i Odda. Tyske fly flaug over byen, men ein stolte på at Norge skulle haldast utanfor. Heile landet vart nærast tatt på senga då tyskarane okkuperte Norge om morgonen den 9. april 1940.

Den 23. april kravde dei tyske flybombene menneskeliv i Odda. Ei overraskande terrorbombing trefte eit bolighus i Straumen og fire liv gjekk tapt.

Produksjonen på bedriftene stansa. Kraft, lys og telefon forsvann for ei tid. Det var tungt å driva fabrikk når flyalarmen gjekk i eitt, dagstøtt. Direktør Bruce på smelteverket fekk garantiar frå Ortskommandanten om at det skulle verta slutt på flytrafikken over Odda, og råstoff skulle hentast frå Tyskland. Av omsyn til dei tilsette vart det sett i gang redusert drift den 17. mai 1940.

Ein hadde rikeleg med elektrisk kraft i Odda i krigsåra, men det var vanskar med å få tak i råstoff, og vinteren 1941-42 skulle det verta endå vanskelegare. Dette skulle bli den kaldaste vinteren på 50 år. Sørfjorden var islagt med tjukk, ugjennomtrengeleg is som strekte seg nesten 20 km utover fjorden. Båtane kunne ikkje ta seg inn til Odda, isen var 30-40 cm tjukk. Næraste hamn var Lofthus, der ein kunne få frakta dei mest naudsynte varene inn og ein liten del karbid ut med hjelp av lastebil.

Tyske isbrytarar forsøkte å laga råk i isen, men til ingen nytte.

Resultatet av mangel på råstoff var at Smelteverket frå 17. februar til 19. april 1942 stansa drifta.

Først i april greidde endeleg ein kollastebåt å koma seg inn til Odda.

Saman med Elektrisitetsverket gav Tyssefaldene folk ei ekstra mengd krisestraum denne kalde vinteren. Året før hadde vore eit vassfattig år, med berre 60% tilsig. Grunna liten produksjon på bedriftene, hadde Tyssefaldene likevel nok.

Odda smelteverk

Leiinga ved Odda Smelteverk AS fekk ordre om å produsera gjødningscyanamid, noko dei bestemte seg for å ikkje ha innvendingar mot, då det ikkje var krigsmateriell dei skulle produsera. Dei naudsynte råstoffa som kol og stålplater m.v. som kom frå Tyskland, ville redusera tyskarane sitt eige krigspotensial. Ein veit ikkje om dei britiske eigarane av smelteverket tenkte slik, men ei kjensgjerning er det at ingen inngåande kolbåtar og ingen utgåande cyanamidbåtar vart senka.

Granuleringsfabrikken der dei laga cyanamidstøvet om til finkorna gjødsel, måtte instilla drifta i 1940, då ein ikkje fekk tak i olje for tørking av produktet. Jutesekkane ein hadde brukt som emballasje på karbiden fram til no, var heller ikkje å få tak i. Dei gjekk over til å bruka papirsekkar, noko dei heldt fram med resten av tida på Smelteverket.

Zinken - DNZ

Hos Det Norske Zinkkompaniet på Eitrheim vart produksjonen stansa i september 1940. Krigshandlingane førte til brot i sambandet med leiinga hos Asturienne og leverandørane av malm. No måtte produksjonen klare seg på dei beskjedne mengdene malm ein kunne få tak i frå norske gruver.

Både Zinken og Smelteverket vart sett på av tyskarane som fiendtleg eigedom, og sett under forvalting. For bedriftane var det viktig å sysselsetta folk for å hindra at arbeidarane måtte gå i teneste for tyskarane. Leiinga på Zinken overtydde okkupasjonsmakta om at det var naudsynt å halda fram med dei same operasjonane sjøl om produksjonen var liten. Slik vart 250 mann satt til utearbeid og vedlikehald.

Grunna den økonomiske ståa var det likevel eit teknisk forfallent og svekka anlegg som møtte fredsdagane i 1945.

Ein del av dei tilsette på Zinken var aktive i arbeidet med Heimefronten. Tyskarane freista infiltrera for å avdekkja motstandsarbeidet, og ein av angivarane som tok arbeid på Zinken viste ei uvanleg stor interesse for det illegale arbeidet. Nokon oppdaga heldigvis at han nytta eit falskt namn, og ein fekk tips om mannen frå motstandsrørsla i Bergen. Mannen vart kidnappa sendt med flyktningbåt til England der han vart satt i fangeleir til krigen var slutt.

Diverre vart nokre av motstandsrørsla sine aktive på Zinken arrestert og sendt til fangeleiren Grini. Ørnulf Slåttelid og Olav Prestegård var to tilsette som mista livet i kampen for fred.

DNN aluminium

Tyskarane hadde også vakthald på Nitriden. Mange av soldatane var unge gutar som hadde opplevd mykje vondt.

Vinteren 1942 var spesielt kald, og vaktane kom ofte inn i omnshuset for å varma seg. Særleg på nattskiftet kom dei i prat med nokre av arbeidarane. Ein nattskiftarbeidar fortel om den unge tyskaren Karl-Heinz, som hadde vore på austfronten ved Leningrad, der han hadde fått granatsjokk, nesten hadde frose i hel og måtta amputera alle tærna grunna frostskader. Han hadde fire brør, tre av dei var falne i Nord-Afrika. Den yngste broren var 15 år og budde heime med den gamle mora. Karl-Heinz hadde eit inderleg ynskje om at broren som var att skulle få sleppa å verta soldat i krigen. Men nazistane tok ikkje omsyn til alderen – alle måtte i krigen.

Karl-Heinz gråt som eit lite barn då han fortalde dette.

Råstoffmangelen gjorde at også Nitriden måtte stoppa produksjonen og seie opp heile arbeidsstokken.

Matmangel og nye idear

Det var mangel på det aller meste i krigsåra, verst var mangelen på mat. Bedriftene skaffa på ulike vis poteter, sild og annan fisk. Dette vart gitt til dei tilsette som eit "lån" som skulle avskrivast etter at krigen var slutt.

På Smelteverket sitt laboratorium gjekk ein i gang med framstilling av gjær for at bakeria kunne baka brød til folk. Seinare produserte laboratoriet òg kamuflasje- og blendingsmaling.

Okkupantane hadde innført absolutt lønnsstopp, men bedriften gav dei tilsette "lån"og julegratiale. Matvarestoda vart etterkvart så vanskeleg at alle dei tre bedriftene gjekk saman om å oppretta eit suppekjøkken. Stormsuppa vart eit kjærkome tilskot til ei knapp kaloriforsyning og vart snart populær. Dei tilsette ved Smelteverket fekk også tildelt ei viss mengd cyanamid som dei kunne bruka til å byta til seg matvarer hos bøndene.

Krigen går mot slutten

Dei vanskelege krigsåra såg ut til å gå mot slutten i 1943-44.

Tilførselen av kol frå Tyskland tok slutt, og drifta stansa av seg sjøl den 18. februar 1945. Alle som no vart ledige i produksjonen, vart sett til reparasjonar, vedlikehald og anna førefallande arbeid - m.a. riving av alt gammalt som skulle fjernast for ei kommande modernisering.

Då freden kom, sette fabrikkene lønene opp. Det var viktig å halda tilsette i arbeid. Men krigen hadde ført til at britane hadde bygd seg eit eige karbidverk som no dekka deira behov. Odda sin hovudmarknad var å rekna som tapt. I november 1945 starta smelteverket trefaseomnen att. Ein tok no sikte på sal av cyanamid til gjødning. Dette var det underskot på i det krigsherja Europa. I åra som kom vart fabrikkane moderniserte, og produksjon og sal tok seg opp att.

Industrien i Odda hadde klart seg gjennom krigsåra. Rett nok med store tap og manglande vedlikehald, men med eit livsviktig sosialt "sysselsettingsprogram" der alle bedriftene makta å halda arbeidsfolka sysselsatte med såkalla kamuflerte jobbar, som utearbeid eller vedlikehald.

Sjå fleire foto frå krigen

Øydeleggingar i Odda sentrum etter bombinga under 2. verdskrigen Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)
Nordaganlegget på Eitrheimsneset Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)
Bombing av bustadhuset "Ulvahiet" i Odda. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)
Heimefronten marsjerer i Odda 17. mai 1945. Kraftmuseet Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Kjelder:

Smeltedigelen - en industrisaga

Anders Rokne: Odda Smelteverk A/S i 50 år

Andreas Nybø: Sammensmeltingen - masteroppgave i historie 2008

Gjermund Forfang Rongved: Første verdenskrig og etterkrigsboomen, 1914-1920.

Odda i Manns Minne 2016

Svein Yngve Madssen: Norzink AS i Odda, Den klareste flamme i ildens by

Order this image

Share to