main article image

Langeleiken – miniutstilling på Ringve sommaren 2023

Det har vorte spelt langeleik i Noreg i minst 500 år. Den eldste kjende langeleiken har årstalet 1524 skore inn i sida og kjem frå Vardal i Gjøvik. Langeleiken verkar å ha vore på sitt mest populære i perioden 1600–1750, og kjelder fortel om langeleikspel over heile landet. Mot slutten av 1700-talet vart langeleiken delvis utkonkurrert av fela og hardingfela. Men tradisjonen overlevde i nokre kjerneområde, der Valdres utpeikar seg som eit sterkt tradisjonsområde fram til vår tid. Utover 1900-talet fekk langeleiken ein renessanse og det er i dag aktive miljø fleire stader i landet. Ringve Musikkmuseum har 12 langeleikar i samlinga si, i tillegg til sju på langtidslån frå andre museum. I samband med Ringve sin langeleikdag 15. april 2023 og opning av ei miniutstilling for sommaren 2023, presenterer me her historia til instrumenta stilt ut i denne temporære utstillinga.

Averøy-leiken – ein representant for dei eldre langeleikane

Når ein ser denne langeleiken, er det ikkje heilt enkelt å sjå at det er snakk om eit musikkinstrument i det heile. Den står nokså ribba att, stort sett berre med sjølve instrumentkroppen bevart, etter det som truleg har vore eit langt liv i musikkens teneste. Men om ein tar ein nærare kikk, kan ein likevel sjå føre seg korleis dette instrumentet såg ut då det var i bruk. Me ser spor etter ni stemmeskruer, noko som viser at denne leiken har hatt ni strenger – truleg éin melodistreng og åtte bordunstrenger (medklingande strenger). Der melodistrengen tidlegare har gått over instrumentkroppen, ser me spor etter 14–15 såkalla noter (eller band). Desse kan fortelja oss om tonerekka, og det kan verka som om leiken har hatt ei alderdommeleg tonerekke utan halvtonesteg. Mange eldre langeleikar har slike skalaar, som skil seg frå den durskalaen vanlegvis brukt på langeleikar i dag.

Utforminga av instrumentkroppen og dekorelement på denne, kan òg fortelja oss noko om opphavet gjennom å samanlikna med andre kjende norske langeleikar. Denne langeleiken dukka opp på ein auksjon i 1973 på Averøy på Nordmøre, men historia før det er ukjend. Undersøkingar tyder likevel på at den neppe er laga seinare enn på midten av 1700-talet, og ei førebels datering er sett til perioden 1600–1750. Dette plasserer leiken midt i tida då langeleikane verkar å ha vore på sitt mest populære i Noreg. Undersøkingane viser at langeleiken kan vera laga på Nordmøre. Det er i så fall den einaste kjende eldre langeleiken frå Møre og Romsdal. Det er funne langeleikar i dei fleste norske fylke. Unntaka er Finnmark, Troms, Rogaland, Østfold og Akershus. Dersom du som lesar kjenner til ein eldre langeleik frå eitt av desse områda, tar me difor gjerne i mot tips!

I 2019 kom Averøy-leiken til Ringve Musikkmuseum. Den er seinare grundig undersøkt og funna er omtala i boka Langeleiken – heile Noregs instrument. Averøy-leiken vert no for første gong stilt ut ved museet.

Frydenberg-leiken – ein del av langeleikrenessansen

Utover 1900-talet fekk langeleiken ein renessanse utover kjerneområda, og Ragna Brenno Frydenberg (1906–2006) var ei av dei som bidrog til å introdusere langeleiken for eit større publikum. Ho vaks opp i Bagn i Valdres og var dotter til langeleikspelaren Ola Brenno, og hadde slik spelet med seg frå barndommen. I 1928 fekk ho jobb som «førstedame» (oppsynsmedarbeidar) ved Norsk folkemuseum i Oslo, der ho skulle representera Valdres i friluftsmuseet. Ho fekk ikkje spela langeleik for publikum dei første åra, då ein meinte at folk ikkje forstod seg på denne typen musikk. Men då ho i 1933 vart tilsett på heilårsbasis, vart det òg bestemt at ho skulle spela for publikum 3 timar til dagen. Dette vart svært populært, og dei neste 50 åra var Ragna og langeleikane hennar fast inventar på friluftsmuseet på Bygdøy. I 1934 vart Ragna kjend med Henry Frydenberg (1893–1976), som ho seinare gifta seg med. Han var snikkarmeister med verkstad i Oslo. Han vart etter kvart òg interessert i langeleiken og i 1948 laga han sitt første instrument. Totalt laga Henry ca. 50 langeleikar og Ragna hjelpte han i produksjonen.

Frydenberg-leiken som er utstilt på Ringve sommaren 2023, er laga av Henry Frydenberg på slutten av 1950-talet og kom til Ringve i 1986. Samanliknar me med Averøy-leiken, er denne meir lik langeleikane slik dei vanlegvis vert laga i dag. Den har åtte strenger, der ein er melodistreng og sju bordunstrenger. Melodistrengen går over 17 notar og det er ein stoppar ved kvinten under grunntonen. Stopparen fungerer tilsvarande ein kapo på ein gitar, og ved aktivering av denne vil kvinten vil klinge når ein spelar på laus streng, mot grunntonen til vanleg. Dei fire øvste bordunstrengene har flyttbare pyramidar (stolar), som gjer det mogleg å avkorta strengene for å stemma dei høgare enn grunntonen. Det kan elles nemnast at sjølve kroppen skal vera kopi av ein langeleik etter «Berit på Pynte» (sjå meir om ho under). Leiken har òg nokre litt uvanlege trekk samanlikna med andre langeleikar frå same tid. Den er utstyrt med moderne stemmeskruar av metall. Dette er truleg for å letta stemminga av langeleiken, då dei tradisjonelle treskruane har lettare for å sleppa under stemming. Elles har leiken ein litt spesiell skala, skildra av Ragna sjølv som «naturtoneskala» i gåvebrevet til Ringve Musikkmuseum. Då denne langeleiken vart laga, vart dei fleste langeleikar laga med durskala, noko som òg er vanlegast i dag. Skalaen på Frydenberg-leiken vart utforma i samarbeid med Eivind Groven, og særleg den halvhøge kvarten og den låge septimen er markante tonar i denne skalaen.

Henry Frydenberg var ikkje redd for å eksperimentera i langeleikbygginga. I tillegg til dei nemnde moderne stemmeskruane, laga han òg langeleikar med flyttbare notar, slik at ein lettare kunne endra skala på instrumentet. Eit anna eksperiment var ein langeleik inspirert av «Kon-Tiki»-ekspedisjonen.

Langeleik med dansedokker inspirert av «Kon-Tiki»-ekspedisjonen. Instrumentet er laga av balsatre og har dekorelement henta frå «Kon-Tiki»-flåten. Dansedokkene vart laga slik at dei kunne plasserast i ein balje med vatn medan dei «dansa» i takt med musikken. Foto: Valdresmusea

Dansedokke – figurteater til langeleikspel

Bruk av dansedokker til langeleikspel er skildra i skriftlege kjelder frå Telemark og Valdres på 1800-talet. Det er små dokker som «dansar» i takt med musikken. Dokkene er festa i ei eller fleire snorer som så vert festa i fingrane på handa langeleikspelaren slår på strengene med. Snorene må vera trekte stramt over eit galgesystem eller liknande, slik at dokkene heng fritt og «dansar» når langeleikspelaren trekk i snorene. Det finst fleire foto frå 1800-talet som viser langeleikspelarar med dansedokker.

Guri Moe med langeleik og dansedokke Foto: Marcus Selmer / Valdresmusea

Eit slikt bilete viser Guri Tørrisdotter Moe (1800–1865) frå Vang i Valdres. Dokka på biletet kan vera laga av mannen hennar, Knut Veflen (1806–1881), som òg laga langeleikar. Guri hadde to søstrer som spelte langeleik, mellom anna Berit Tørrisdotter Skjefte, betre kjend som «Berit på Pynte». Alle tre søstrene opptredde med langeleik og dansedokker, og skal ha tent mykje pengar på dette. Dansedokka i miniutstillinga på Ringve er laga av Kjell Bitustøyl på 1980-talet, etter modell av dokka til Guri Moe på dette biletet. Ut på 1900-talet var det få att som brukte dansedokker til langeleikspel, noko som truleg skuldast at instrumentet hadde relativt låg status. «Å bli eksponert med dansedokker vart opplevd som ei stadfesting av folks fordommar om instrumentet som eit småjenteinstrument», skriv Bjørn Aksdal og Elisabeth Kværne i boka Langeleiken – heile Noregs instrument. Etter krigen vart Ragna Brenno Frydenberg den fremste eksponenten for bruk av dansedokker, og ho laga eigne dokker som ho brukte då ho spelte for besøkande på Norsk Folkemuseum. I 1986 gav Ragna eit sett med dansedokker til Ringve Musikkmuseum, saman med den tidlegare omtala Frydenberg-leiken. Desse står i dag i utstillinga Lydspor.

Til slutt tar me med ein liten video av Stein Villa som spelar langeleik med sjølvspikka dansedyr:

Kjelder

Vil du sjå fleire av langeleikane på norske museum?

Order this image

Share to