main article image
Valdresmusea Attribution-NonCommercial-ShareAlike (CC BY-NC-SA)

Måla med mjøl

Stova frå 1650 gav inntrykk av umåla tømmer. Men for eit oppmerksamt auge var tydelege spor av måling godt synleg. Under takmønet syntest den raude farga huset eingong har hatt. Som mange andre bygg i Valdres har stova frå husmannsplassen Midtre Tvenge i Vestre Slidre vore måla, med raud måling av mjøl. I mai 2022 vart stova måla på nytt, med same type måling.

Måling av hus i Noreg

Det er usikkert når vi begynte å måle hus i Noreg. I kulturminneforskinga stilles i dag spørsmål kring korleis vikingane dekorerte langhusa sine utvendig, og om eller korleis stavkyrkjeportalane kan ha vore måla. Å fargesette meir alminnelege hus blei truleg ikkje vanleg før slutten av 1600-talet og utover 1700-talet. På denne tida vart det og meir vanleg å kle lafta hus med panel utvendig. Slike endringar kom fyrst til byane, og på bygdene fyrst til velståande bruk og bedrifter. Å måle hus var kostbart. Målinga skulle beskytte treverket, men var og statussymbol. Val av farge blei avgjort av økonomiske omsyn. Ulike fargar hadde ulik pris, etter kor krevjande dei var å skaffe eller framstille.

Tydelege spor av raud måling utanpå Tvengistogo Valdresmusea Attribution-NonCommercial-ShareAlike (CC BY-NC-SA)

Mjøl-målinga

Komposisjonsmåling er ein målingstype basert på mjøl. Mjøl blanda med vatn gjev eit klister, eit lim, som blir nytta som bindemiddel i målinga. Andre eksempel på bindemiddel i måling er linolje som er nytta i linoljemåling, eller lateks, akryl og alkydolje som er nytta i nyare husmåling. Det finst mange ulike oppskrifter på komposisjonsmåling. På Tvengistogo vart det nytta sikta rugmjøl. Kveitemjøl kan og nyttast, men det var vanlegare i Sverige enn i Noreg. Saman med mjølet må målinga innehalde pigment som gjev farge. I malingsblandinga er og litt salt og jernvitrol som gjer målinga betre skydda mot biologisk nedbryting. I nokre oppskrifter skal det i tillegg til mjølet tilsettast litt linolje som gjer målinga sterkare. Alle ingrediensane blir blanda saman og varma opp. Mengda vatn gjer målinga tyntflytande. Viskositeten er og avhengig av temperatur. Målinga tjuknar når den kjølnar, derfor skal komposisjonsmåling strykast på varm.

Pigmentet

Pigment er eit fargepulver som blir blanda med eit bindemiddel for å lage måling. I dette tilfellet er bindemiddelet mjøl-klisteret. Det raude pigmentet som er nytta i målinga består av jernoksid, ein kjemisk forbindelse mellom jern og oksygen. Vanleg «rust» er ein slik forbindelse. Jernoksidpigment kan utvinnast frå naturen, der jern finst i bergartar, jord eller myr. Det finst ulike variantar av jernoksid-forbindelsar som gjev forskjellige fargar i brunt, raudt og gult. For å oppnå den sterke raude farga må råmaterialet varmast opp fleire hundre grader. For å fungere som pigment må materialet knusast eller kvernast til fine korn egna for måling. For heilt fine partiklar kan og pigment rivast med ein glasløpar, noko som er vanleg for kunstmåling. Måling nytta til eksteriør er på ulike vis annleis enn måling nytta til kunst. Til dømes har kyrkjekunst i Noreg hovudsakeleg nytta svært kostbare importerte pigment. Jernoksidpigmenta derimot, er blant dei minst kostbare og minst kompliserte å framstille. Dette er dei mest brukte fargepigmenta gjennom alle tider. Frå 1800-talet vart det vanleg å framstille desse pigmenta syntetisk og industrielt i stort omfang. Raudfarge av jernoksid-pigment kan ha mange namn, «jern-rød», «faluröd» eller «rørosrød», og har ofte fått namn etter staden pigmentet er framstilt.

Ingrediensar til måling Valdresmusea Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)

Bruk av komposisjonsmåling

I Sverige finst det skriftlege kjelder frå 1600-talet som omtalar komposisjonsmåling. Den mjølbaserte målinga var tidlegare mykje brukt. Den er rimelegare enn linoljemåling. Komposisjonsmålinga blei mest nytta til låvar, driftsbygningar og i enkelte tilfelle som utvendig måling på våningshus. Bruken av komposisjonsmåling var truleg aller størst då dei store einheitslåvane vart teke i bruk i byrjinga av 1900-talet. Då vart bruken av mange små uthus bytta ut med eit større låvebygg med fleire funksjonar i. No fekk mange gardar store flatar som skulle målast. Komposisjonsmålinga var i alminneleg bruk fram til 1950-talet. Målinga vart mest nytta i innlandsstrøk søraust i Noreg. På meir vêrharde stadar langs kysten ville komposisjonsmålinga slitast ned raskare, derfor var linoljemåling eller tranmåling oftare nytta der.

Eigenskapar

Komposisjonsmaling har mange gode eigenskapar. Målinga skjermar trevirket miljø og sol. Komposisjonsmålinga er meir open for diffusjon, det vil seie at målinga slepper fuktigheit i underlaget ut gjennom målingssjiktet slik at treet kan tørke etter det har vore fuktig. Komposisjonsmålinga er utan helse- og miljøskadeleg stoff, og målinga er billig. Det er også lett å vedlikehalde veggar som er måla med komposisjonsmåling. Målinga slitast og blir tynnare etter kvart som klisteret i målinga gradvis vaskast ut. Dette er ulikt andre typar måling som har meir lagvis oppbygning, og som heller lausnar og flassar av. Det er heller ikkje fare for at malinga blærar. Men målinga kan smitte av pigment. Fyrst når målinga er tunnslitt bør overflata målast på nytt. Då er det ikkje naudsynt å skrape veggen. Sidan målinga er matt, vil ein ikkje sjå så godt forskjell på nymåla og tidlegare måla fasade. Når ein måler på ny ein bygnad med komposisjonsmåling er det derfor ikkje alltid naudsynt å måle heile bygnaden. Det kan være tilstrekkeleg å måle områda som har vorte prega av vêr og slitasje. Komposisjonsmålinga fester dårleg på høvla hardt virke. Dører, vindauge og omramming kan derfor ofte være måla med linoljemåling sjølv om resten av eit hus har komposisjonsmåling. Komposisjonsmåling bør kun påførast ubehandla treverk, eller treverk som tidlegare er måla med same type måling. Målinga fungerer ikkje oppå linoljemåling eller måling av lateks-, akryl- og alkydolje.

Måling av Tvengistogo på Valdres Folkemuseum

6.-8. mai 2022 var det samling på Valdres Folkemuseum for Fagskolen Innlandet sitt bygningsvern-studium. Valdresmusea har gjennom fleire år samarbeidd med utdanninga, blant anna som arena for kurs. Valdresmusea er avhengige av restaureringshandverkarar med kunnskap om tradisjonelle teknikkar og materialar for å ivareta og vedlikehalde dei antikvariske bygningane på museumsområdet. Tema for denne fagskulesamlinga var tradisjonelle målingsteknikkar. Tradisjonsmålar Knut Øystein Bakken busett i Valdres og Bodil Nørdsti frå Fagskolen Innlandet leia samlinga. Studentane lærde å lage og bruke mellom anna linoljemåling, limfarge, tjørebeis, og linoljekitt, i tillegg til komposisjonsmåling. Dei fekk og testa ulike dekoreringsteknikkar som marmorering og sjablongmåling.

Tradisjonsmålar Knut Øystein bakken delar kunnskap med elevar frå Fagskolen Innlandet. Valdresmusea Attribution-NonCommercial-ShareAlike (CC BY-NC-SA)

Tvengistogo har vore bustad, før ho seinare fekk andre bruksformål. Eingong etter 1880 og fram til 1914 vart huset nytta til pressing og farging av tekstil (persing av vadmel). Stova skifta då status frå bustad til uthus. Dei tydelege restane av komposisjonsmåling utanpå tømmeret la grunnlag for museets avgjersle om å måle stova på nytt. Særleg under mønet der veggane har vore skjerma for regn var store område dekt av måling. Her var den raude farga tydeleg. Tvengistogo står i eit miljø med kun ufarga tømmerhus. På museet er flest antikvariske bygg umåla. Ingen lafta bygg utan panel er blitt måla etter at dei vart flytta til museet, til tross for at fleire av desse bygningane har spor av måling som viser at bygnaden har vore måla før. Å måle Tvengistogo ville tilbakeføre eit utrykk stova har hatt tidlegare, veggande ville bli betre beskytta, og den historiske bruken av komposisjonsmåling i Valdres ville bli betre formidla til museets besøkande.

Studentar målar Tvengistogo. Prosessen med å måle stova med komposisjonsmåling gav kunnskap og erfaring til studentane og museets tilsette. Valdresmusea

Før målinga vart påført blei Tvengistogo børsta med kost for å fjerne spindel og rusk på veggane. Komposisjonsmålinga vart laga i verkstaden på museet, der rugmjøl, vatn, pigment, jernvitrol og salt vart vispa saman i ei stor gryte. Målinga vart varma opp under omrøring, og fekk koke i ein halv time. Utanfor Tvengistogo vart målinga halde varm på ei kokeplate, og varm måling vart stryke på veggane av studentane ved fagskulen. Dagen etter var målinga turr.

Tvengistogo med komposisjonsmåling Valdresmusea Attribution-NonCommercial-ShareAlike (CC BY-NC-SA)

Kjelder:

Jon Brænne, 1998. Dekorasjonsmaling. Oslo : Teknologisk forlag. Tilgjengeleg frå: https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2010042103038

Marte Osvoll Valdreraune, 2015. Praktisk fargesetting av historiske interiør - En fortelling, en introduksjon og et verktøy. Trondheim: NTNU. Tilgjengeleg frå: https://ntnuopen.ntnu.no/ntnu-xmlui/handle/11250/2388599

Hedda skagen paulson (red) m.fl. 2021. Overflatebehandling av trehusets fasader. Oslo: Fortidsminneforeningen / Kulturminner for alle. Tilgjengeleg frå: https://issuu.com/fortidsminneforeningen/docs/2021_brosjyre_maling_oppslag?e=37683920/86569368

Marit Odden og Roger Falldalen, 2021. «Komposisjons-maling» Hamar: Gamletrehus.no. Tilgjnegeleg frå: https://www.gamletrehus.no/butikk/artikler/historisk-maling-og-fargekart/komposisjonsmaling-1

Tore Haug‐Warberg, Hilde Ervik, Nils Kr. Rossing, 2017. Fra jern til rust til maling og tilbake. Trondheim: NTNU. Tilgjengeleg frå: https://www.ntnu.no/documents/2004699/12108297/Fra+jern+til+rust+og+tilbake+1.5.pdf/f965de58-352c-4ef1-93c1-6704dfe379ec

Tore Drange, Hans Olav Aanesen, Jon Brænne, 1992. Gamle trehus. Oslo: Universitetsforlaget.Tilgjengeleg frå: https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2008071804091

Line Bregnhøi, og Mads Chr. Christensen, 2017. Sagnlandet Lejre: Vikingetidens farvepalet København: National Museum of Denmark. Tilgjengeleg frå: https://natmus.dk/fileadmin/user_upload/Editor/natmus/historisk-viden/Viking/Vikingernes_farvepalet/Vikingetidens_farvepalet_Rapport.pdf

Riksantikvaren, 1994. «Riksantikvarens informasjonsark 3.9.7 Overflatebehandling: Komposisjonsmaling», Oslo. Tilgjengeleg frå: http://hdl.handle.net/11250/175377

Tone M. Olstad, 2009. «NIKU Oppdragsrapport 68/2009: Kystens øysamfunn. Fargeundersøkelser på Vegaøyan». Oslo: Norsk Institutt for kulturminneforskning. Tilgjengeleg frå: https://niku.brage.unit.no/niku-xmlui/bitstream/handle/11250/2736945/NIKUOppdragsrapport68_2009.pdf?sequence=1&isAllowed=y

Margrete Syrstad Andås, 2020. “Det siste dyret” i Fabelaktige dyr: Fra jernalder og vikingetid, red. Ingunn Marit Røstad, Hanne Lovise Aannestad, Katherine Elliott og Anja Mansrud. Oslo, Kulturhistorisk museum (Oslo, 2020). Tilgjengelig frå: https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2021012248581

Unn Plahter, 2010. The Trade in Painters’ Materials in Norway in the Middle Ages. Part 2: Materials, Techniques and Trade from the Twelfth Century to the Mid-Fourteenth Century. I Trade in Artists’ Materials: Markets and Commerce in Europe to 1700, red. Jo Kirby, Susie Nash og Joanna Cannon. London: Archetype. Tilgjengeleg frå: file:///C:/Users/vm-376/Downloads/The_Trade_in_Painters_Materials_in_Norwa%20(1).pdf .

Order this image

Share to