Photo: Sogn og Fjordane Kunstmuseum / SFKM - Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Talande Ting

Ser ein på Instagram, Pinterest og bloggar så bognar det av vår tids «stilleben»; fotografi av kva folk har i heimane sine og ting dei elles er opptekne av eller ønskjer seg. Og det utan å søke på bilete med emneknaggen #stilllife (over 4 191 000), #stilleben (over 87 000) eller #naturemorte (over 165 000) på Instagram. Bileta vanlege folk legg ut av tinga sine krev mykje arbeid med utval, komposisjon og lys. Alt handlar om å arrangere og dandere tinga på stilegast mogleg måte, og slik få tinga til å seie bra ting om oss sjølve. Dei skapar «imaget» vårt. «Dette er tinga mine, slik er eg!»

Korleis har kunstnarane teke stilling til tinga dei skildrar/lagar? Kva skildrar/lagar dei og korfor? Kva ønskjer dei å formidle? Korleis er medvitet kring bruken av stillebensjangeren i dei todimensjonale verka? Er skildringa av ting på 1900-talet berre eit utgangspunkt for formale eksperiment for kunstnarane, eller legg dei meir i det? Kunstnarar heilt opp til vår eiga tid interesserer seg framleis for å skildre og skape ting, og vidarefører og fornyar med det ein lang tradisjon med sine nye innfallsvinklar.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to