Photo: Sogn og Fjordane Kunstmuseum / SFKM - Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Dei ekstraordinære

44 objects

I 2020-2021 fekk Sogn og Fjordane Kunstmuseum (SFKM) tildelt 5 millionar kroner frå Kulturdepartementet i ekstraordinære tilskot til kunstinnkjøp. Det svarar til om lag 17 år med ordinære innkjøpsbudsjett for museet. Bakgrunnen for tildelingane var å stimulere til framleis skapande kunstnarleg aktivitet blant dei norske kunstnarane og å oppretthalde drifta av galleria.

Midlane har vore øyremerkt innkjøp av kunst av nolevande kunstnarar busett i Noreg, og dei har gjeve SFKM eit sjeldan høve til å utvikle samlinga. Museet sitt hovudmål har vore å spegle mangfaldet av kunstnarar i Noreg. Kunstverka er valt for å fremje ein brei representasjon og for å løfte fram underkommuniserte historier i samfunnet.

Eit ønskje har vore å finne verk av kunstnarar med tilknyting til Sogn og Fjordane. Dei som kjem i frå, har budd i, har tematisert eller utøvd kunstnarskapet sitt her. Utjamning av kjøn og alder har vore eit anna. Kunstverk som speglar mangfaldet av kunstnarar i Noreg, m.a. knytt til etnisk tilhøyrsle, urfolksbakgrunn og seksualitet har vore eit tredje. SFKM har òg sett spesielt etter kunstnarar som nyttar teknikkar som tekstil, teikning, keramikk og video for å få betre balanse i samlinga. Fotografi og grafikk av kvinnelege kunstnarar har òg stått høgt på lista.

Det endelege utvalet av verk syner kva tema kunstnarane i samtida tek for seg og er opptekne av, som til dømes kropp, kjønn og identitet, natur og miljø. Ganske mange av verka kan omtalast som «engasjert kunst», medan andre er abstraksjonar, kor utforsking av form, farge og komposisjon går framfor formidlinga av eit meiningsinnhald.

SFKM er særs takknemlege for det høvet museet har fått til å utvikle samlinga til glede for både kunstnarane, distribusjonsledda og ikkje minst publikum – det norske folk – som jo er dei reelle eigarane av samlingane vi forvaltar.

NOKRE FAKTA:

Kunstverka er innkjøp frå 21 galleri og 20 kunstnarar

Totalt 100 verk av 56 kunstnarar

9 mannlege og 48 kvinnlege kunstnarar

Om lag 1/3 har regional tilknyting

Om lag 1/3 har internasjonal-norsk bakgrunn

29% under 40 år

42% mellom 40 og 59

29% over 60 år

26 tekstile verk, 19 fotografi, 14 grafiske verk, 12 keramiske verk, 7 teikningar, 7 videoverk, 6 skulpturar, 3 måleri, 3 installasjonar, 2 pastellar og 2 materialbilete. (Nokre er teknikkoverskridande, men har her hamna i ein «bås»).

Brorparten av dei ekstraordinære verka er å sjå i 2. etasje og vidare i videorommet i 4. etasje. Du finn òg nokre i utstillinga «HEKT» i 3. etasje. I utstillinga «Talande ting», som opnar i Sogn kunstsenter sommaren 2022, vil òg nokre av verka verte å sjå.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to