History
-
Ein yngre del av løekonstruksjonen skal etter tradisjonen skriva seg frå ca. 1900. Det er vanskeleg å skilja denne delen ut, men løas eldste del går truleg tilbake til midten av 1800-talet. Det klaraste endringstrekket er at fjøset, som tidlegare var tømra og innebygd i løa på høytufta, i 1905 blei flytta ut til vestsida av løa. Hevdaskuten under søre løtufta blei brukt som heste- og sauehus, slik vanleg var så mange stader. Hesten, i oppveksten til Sigurd ei raud, stor dølamerr, stod tjora ved veggen mot nore høytufta. Sauene gjekk på tallen, eller «Stadl", lengst aust i skuten. Kvist blei brukt som "underbor".
Hevd frå fjøset måtte køyrast ut fleire ganger om vinteren. I løa, på nordsida utanfor fjøset, er det også ein steinmurt lannkumme frå moderniseringa av løa tidleg på 1900-talet. Så lenge han var open, fraus han ofte sund om vinteren. Ei stor trepumpe blei brukt til å pumpa lannen opp. I tilknytnad til løa er det også bygt eit kjerrehus. Her var det plass for vannkjerra, eit par møkkakjerrer og ei mjølkekjerre. Mjølkekjerra blei brukt til å køyra mjølk til Haugesund med. Stolkjerra, som blei kjøpt ca. 1915, fekk
også plass i kjerrehuset.Det mura fjøset hadde så langt tilbake som Sigurd Ørpetveit kunne hugsa den same innreiinga. Då han vaks opp var det ikkje innlagt vatn - det arbeidet utførte han sjølv for broren mange år etter at han var flytta heimanfrå. Vatnet blei bore inn til dyra frå brønnen på tunet - ei bøtte framfor kvar ku.
Relation
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierMHB-B.021
- Part of collectionKarmsund folkemuseum
- Owner of collectionHaugalandmuseet
- InstitutionHaugalandmuseet
- Date publishedNovember 5, 2019
- Date updatedNovember 6, 2019
- DIMU-CODE021058438776
- UUIDbba61042-28d7-4f5e-8ce3-ee549ac15ffe
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».