Part of exhibition
History
-
-
Frå føraren for Valdres Folkemuseum (2012):
"Toetasjes bygning frå garden Høve, gnr. 29, bnr. 1, i Vestre Slidre. Akershusisk planløysing med opphaldsrom, vasskleve og sengekleve. Opphavleg berre ei høgd. Dørene i andre høgda er truleg måla av telemarkingen Tomas Lurås (1799–1886). Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1972."
Frå Harald Hvattum Valdres Folkemuseum 1901-2001 (2001):
"Huset står i nærleiken av Kviistunet, langt unna dei andre husa frå Vestre Slidre. Det var opphaveleg oppsett i ei høgd og uppåstogo sett på seinare. Dørene i andre høgdi er truleg måla av telemarkingen Tommas Lurås (1799-1886)."
Frå føraren for Valdres Folkemuseum (1977):
"Bygningen er bygd i fleire byggesteg. Fyrst har han hatt berre ei høgd. Seinare har bygningen fått påtømra uppåstogo (2. etasje) og han ser ut til å ha hatt sval langs heile framsida ei tid. På den tida har det vore dør både inn i kleven og stua. Ved siste forandringa vart døra inn i kleven tømra att, og huset fekk den svala som står no. Dørene i andre høgda er truleg måla av den kjende rosemålaren Tomas Lurås (1799-1886). Han hadde etter tradisjonen vore inneblanda i ei falskmyntarhistorie i Bergen, tidleg på 1820-talet. Han vart teken i Suldal, men rømde under transporten til Kristiansand og fór landet rundt i fleire år. Frå gamalt var det peis både framme og i kleven. D museet overtok huset var klevapeisen utkasta, men han åvart attfunnen og blir innattsett."
Då bygningen vart oppført på 1970-talet, var planen å gjera han til tenestebolig på museet, men denne planen vart skrinlagd.
Valdresmusea la skifertak på bygningen i 2013, dette var delvis gjort på taktekkingskurs, delvis av eigne handverkarar.
PS: Bilete frå før flyttinga finst i fotoarkivet til Valdres Folkemuseum, fleire er digitalisert, sjå "relaterte objekt".
ENGLISH:
Building from Høve: Two-storey building from Høve Farm in Vestre Slidre. Traditional floor plan with living room, scullery and bedroom. Originally, the building was a one-storey house. The doors on the first floor were probably painted by Tomas Lurås (1799–1886). Rebuilt at the museum in 1972.
FRANÇAIS:
Maison de Høve: Maison à deux étages de la ferme Høve, à Vestre Slidre. Agencement du style ”Akershus” avec salle de séjour, arrière-cuisine et chambre. D’origine, la maison n’avait qu’un étage. Les portes à l’étage sont probablement peintes par Tomas Lurås (1799–1886), de Telemark. La maison a été reconstruite à Valdres Folkemuseum en 1972.
-
Oppføring - 1800 — 1860
-
Gjenoppføring - 1972
-
Relation
Classification
-
- Bygninger (Outline) OU 340
Placement
References
-
- Litteraturreferanse Harald Hvattum Valdres Folkemuseum 1901-2001
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier VFF.058
- Part of collection Valdres Folkemuseum
- Owner of collection Valdresmusea
- Institution Valdres Folkemuseum
- Date published November 27, 2015
- Date updated November 18, 2022
- DIMU-CODE 021056020363
- UUID f409ef19-f89d-4995-8a58-b83260f1fd79
- Tags
1 comment
Bygning fra 1824 - Øvre Hove , V Slidre
Stor kleberstein peis stua og en mindre kleberstein peis i kleven. Frostfri kjeller under hele huset
Knut Hove, April 21, 2016
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».