• Undredal stavkyrkje

Dateringa av Undredal stavkyrkje er usikker, men ein går ut frå at ho vart bygd etter 1150. Ho er ei lita kyrkje med rektangulært skip og kvadratisk kor. Kyrkjetårnet reiser seg over fire stolpar i vestre del av skipet. Opphavleg var dette ein frittståande støpul utanfor kyrkjerommet, men skipet vart på 1600-talet forlenga mot vest og klokketårnets underbygning integrert i rommet. Koret, som også er ei seinare tilbygging, er i same breidd som skipet, men med lågare tak. Over både kor og skip er det kvelva himling.

Dei fire stolpane i skipets yttervegger markerer den opphavlege storleiken på kyrkja, og det er denne berande konstruksjonen, med stolpar, eller stavar, feste i ein horisontal bjelke ovantil og ein botnsvill nedantil, som viser at dette er ei stavkyrkje.

Bortsett frå ei mellomaldersk kyrkjeklokke, som heng i hjørnet bak i kyrkjerommet, er alt inventar og utsmykking frå etter reformasjonen. Den fargerike veggdekoren, med draperi og blomsterbukettar, er frå 1600-talet. I himlingen er det måla stjernehimmel og englar. Dekorasjonane vart avdekte i 1962, etter å ha vore måla over sidan 1860-åra. Preikestolen i renessansestil er frå 1696.

Kjelder:
Anker, Leif: De norske stavkirkene, Oslo 2005
    Photo: Hovedorganisasjonen KA

Undredal stavkyrkje

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to