• Hopperstad stavkyrkje

Hopperstad stavkyrkje i Vik i Sogn vart truleg oppført i perioden mellom 1130 og 1150. Då ny kyrkje vart oppført i Vik i 1877, kjøpte Fortidsminneforeininga stavkyrkja. Nyare bygningselement vart rivne, og kyrkja vart restaurert under leiing av arkitekt Peter Blix.

Vi veit ikkje korleis kyrkja såg ut i mellomalderen, men restaureringa i 1880-åra vart utført på bakgrunn av spor i den eksisterande bygningskroppen, og med liknande stavkyrkjer, særleg Borgund, som førebilete. Hopperstad kyrkje har langkyrkjeplan, kor og halvrund koravslutning, apside, med tårnhjelm. Både skip og kor har heva midtrom, og over taket på kyrkjeskipet er det takryttar. Drakehovud prydar mønekammane.

Kyrkja har utvendige portalar mot vest, sør og nord. Vestportalen, som er rikast dekorert, er omkransa av søyler og breie, utskorne vangar med drake- og rankemotiv. Baldakinen over sidealteret mot nord er eineståande i norsk kyrkjearkitektur. Han har utskoren gavl og spissboga plankekvelv med måla motiv frå Jesu fødsel og barndom. Elles er lite av inventaret frå mellomalderen teke vare på.

Kjelder:
Anker, Leif: De norske stavkirkene, Oslo 2005
    Photo: Hovedorganisasjonen KA

Hopperstad stavkyrkje

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to