• Plakat for Dei nynorske festspela i 2006. Dei nynorske festspela er den fremste festivalen som feirar nynorsk skriftkultur og dialektane. Festivalen vert arrangert årleg i Ørsta / Volda. Temaet i 2006 var "Målet for alle". Det var 100 år sidan Noregs Mållag vart skipa. Formann Anne Oterholm i Den norske Forfatterforening hadde opningstalen, medan det var opningskonsert med Nordic Tenors. Festspeldiktar dette året var Olaug Nilssen, og Finn Graff var festspelkunstnar. Lene Kaaberbøl heldt stemnetale, medan Kari Veiteberg hadde preike. Det var minneforedrag av Andreas Hompland med temaet "Framsteg. Sosiologiske og kulturelle perspektiv på regionalisering". I Ørsta kyrkje heldt Ørstakoret konsert om Jakob Sande. Nynorsk kultursentrum var arrangør for arrangementet. På plakaten dette året er motivet delvis eit fotografi, delvis ei teikning. Plakaten er signert av både Finn Graff og Olaug Nilssen, og den er i glas og ramme.

Kjelde:
https://www.allkunne.no/framside/tema-nynorsk/institusjonar-organisasjonar-med-meir/dei-nynorske-festspela/29/860/ (Lesedato: 13.08.2020)
    Photo: Almedal, Henry / Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Dei nynorske festspela [Plakat for Dei nynorske festspela 2006]

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to