Aasta Hansteen var ein norsk kunstmålar, forfattar og kvinnesakspioner. Ho var den første kvinna i Noreg med utdanning som profesjonell kunstmalar, ein av dei første nynorskbrukarane i landet og saman med Camilla Collett grunnleggjar av norsk kvinnerørsle.
Hansteen var ei av dei første kvinnene frå sitt samfunnslag som fekk ei formell fagleg utdanning og eit yrke. Ho studerte først under den kjende portrettmålaren Johan Gørbitz, så i København, Düsseldorf og Paris. På 1850-talet var ho ein aktiv portrettmålar, og ho blei tatt ut til å representere landet som einaste kvinne på verdsutstillinga i Paris 1855. På 1860-talet kasta ho seg inn i målstriden, ga ut ei bok på landsmål og skreiv dikt. Frå 1870 var ho sterkt engasjert i kvinnesaka.