History
-
- T-skjorta designa og produsert til ein Oddadugnad, eit kulturarrangement over fleire dagar som vart arrangert fleire gonger på 1980-talet: både i 1982 og i 1983 og gjerne fleire. Det vart kun laga kvite skjorter. Logo for dugnaden symboliserte først og fremst den samla krafta som fingrane gjev handa. Symbolet kunne òg vera ei påminning om at den kraftforedlande "skorsteinsindustrien" er Odda- og Tyssedalsamfunnet si skaparkraft.
Produksjon: 1982 - 1985 (antatt)
Oddadugnaden var baseret på den samla kulturkraft i Odda kommune, frå Røldal til Tyssedal. Harald Jordal, kultursekretær i kommunen på 1980-talet og aktiv medarbeidar i dugnaden, har formulert det slik: Symbolet tyder først og fremst den samla krafta som fingrane gjev handa. På dugnader er det slik at alle bidrar med sitt for at resultatet skal bli bra. Denne samanhengen vert symbolsk uttrykt gjennom handa sitt verk og virke. At symbolet og kan vera ei påminning om at den kraftforedlande skorsteinsindustrien er Odda- og Tyssedalsamfunnet - og med det Odda kommune - si skaparkraft, er heller ikkje å underslå. Det var denne industrien si trong for kraft og ikkje krafta sin trong for industri, som var den utløysande faktoren for den moderne Oddasoga
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierNVIM-05837
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedFebruary 28, 2020
- Date updatedFebruary 16, 2022
- DIMU-CODE021028535137
- UUIDeac00bb2-b28d-4e91-a991-93da4ce57535
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».