• Stakk av heimevove, stampa og grønleta einskjeftetøy, samansett av 3 heile stoffbreidder (delder) ca. 55 cm breie og 1 rettskoren fangbreidd med jare og sårkant, 41 cm brei, sydd saman for hand med heimespunne 2-lagd sauesvart ulltråd. Venstre sidesaum til fangbreidda, ved splitt, er oppattsydd med svart bomullstråd (sneldetråd), men med restar etter ulltråden. Glatt fangbreidd, elles flatfolda (upressa) med 8 stk. 4 cm breie folder på kvar side som møtes midt bak. 43 cm lang splitt på venstre side av fangbreidda. Lining av ruta bomullstøy i fargane raudt, grønt, gult og svart med hekte og lykkje av met. (Frå seinare tid) På stakkekanten 3 cm brei kvarding av raudt klede skjøytt med 12 cm raudt einskjeftetøy. Denne er på retta sydd til med bomullstråd. Ei 5 cm brei stakkebord viven på bandgrind og med lin botn og raudt og grønt ullgarn som framstår som mønster har høyrt til stakken. I følgje opplysn. frå gjevar var stakken brurastakk for hennar oldemor Ragnhild Oppedal 1821, gift 1840, og var brukt saman med kat nr. 22126 - trøye. Hennar dotter Marta J. Asheim arva stakken. 

Stakken var ei tid oppspretta ved linning og brukt som divanteppe. Den opphavlege breidda er fjerna, foldane omlagde og ny lining påsett. Stakkeborda var nytta på ein nyare stakk men er sett attende på den opphavlege jan. 1983 (Kom inn 8.7.1982)

Brev frå gjevaren av 28.mars 1982.
    Photo: De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Stakk

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to