History
-
Barnebaret til Siri Stauri skriv at Siri Stauri var fødd på Valaker i Utvik, og vart gift med Erek Stauri i Stryn, og det var her ho tok til med vevinga. Siri lærte ikkje å skrive i folkeskulen, for det var det berre gutane som gjorde. I 14 års alderen tok ho sjølv til å å lære handskrift.
Siri Stauri (1827-1909) var gardskone, og hadde mykje å gjere på garden, men tok likevel inn jenter som ville lære veving av ho. I 1890 gav ho ut denne vevboka på eige forlag, og den vart brukt på mange av husflidsskulane på Vestlandet.
"Vævebogen" til Siri Stauri er retta mot "landskvinder", og målet er at vanlege kvinner kan forstå og følgje "oppskriftene", både tekst, mønster og med det utstyret som vanlege "landskvinder" hadde i heimane rundt om.
Som Siri Stauri skriv i forordet var det flere "vevebøger" på marknaden som var "langt fuldkomnere og udførlige", men dei hadde vist seg å vere "lidet praktiske" for "landskviinder" med det utstyret dei hadde til rådvelde.
Vevningene i vevboka, skriv Stauri i forordet, kan gjerast med enkle reiskap som finst i eitkvart hus. "Selv har jeg udført alle de her omskrevne og kun brugt simple greier".
Produksjon: 1890
- ProdusentStauri, Siri (eig. Sigrid)sikker
Aksesjon: September 7, 1978
Placement
References
-
- LitteraturreferanseDjupedal, Reidar: Om Siri Stauri og vevboka hennar. I Årbok for Nordfjord 1989 s. 85-126.
License information
- License Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Metadata
- IdentifierNFM.0000-07335
- Part of collectionNordfjord Folkemuseum
- Owner of collectionSogn og Fjordane
- InstitutionNordfjord Folkemuseum
- Date publishedJuly 15, 2016
- Date updatedJuly 4, 2023
- DIMU-CODE021026512765
- UUID7518cf22-e387-4587-8a7a-4565102f593f
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».