History
-
Frognerutstillinga varte frå 15. mai til 11. oktober 1914. Oddafabrikkane og Tyssefaldene hadde eigen utstillingspaviljong utanfor maskinhallen. I gruppe 14 Kjemisk industri, var dei plassert i klasse 35; Kjemiske produkter for teknisk bruk. Berre fire andre bedrifter var med.
N.A. Brinchmann har omtala utstillinga i boka Norges jubilæumsutstilling 1914 : Officiel beretning, del II, utg 1924. (tilgjengeleg i fulltekst i Nasjonalbiblioteket på nb.no).
”North Western Cyanamid Co. Ltd og Alby Unites Carbide Fact. Ltd (Tyssefaldene og Oddafabrikker) – en av vore nye storindustrier – hadde en vakker og imponerende paviljon ved Maskinhallen, en særdeles stilfuld utstilling, for en væsentlig del av repræsentativ art. Der utstiltes en del prøver av fabrikkernes produksjon, de viktige stoffer cyanamid og kalciumkarbid. Derhos blev de store fabrik- og kraftanlæg i Odda og Aura demonstrert ved plastiske modeller m.v.”
Frå 1914 vart det nye produktet Norsk Kalkkvælstoff (granulert kunstgjødsel, seinare kalla "Trollmjøl", produsert ved North Western Cyanamide i Odda) lansert og introdusert på den norske marknaden.
Det er ikkje klart om Alby United Carbide Factories fekk gullmedalje for karbiden, men fabrikken merka seg ut med høg kvalitet på produktet på den tid (Alby-omnen mm). Medalja var nær ved å bli kassert i ei opprydding på "kontorloftet" (bygg 001) ved Odda Smelteverk AS på 1990-talet, men blei "redda" og overlevert museet av Asbjørn Andersen (tidlegare sekretær ved direktørkontoret) privat.
Produksjon: 1914
E.T. - gravørEierskap: 1914 - 2001
References
-
- LitteraturreferanseJordal, Brita: Hardanger på Frogner 1914. I Hardanger 2014. Hardanger Historielag. S.
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierOIM-04535
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedFebruary 3, 2016
- Date updatedSeptember 28, 2023
- DIMU-CODE021026258167
- UUIDece6c135-f910-4f6c-a840-cff442033599
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».