Veggborda kjem frå den gamle stavkyrkja i Ørsta. Kyrkja vart måla innvendig i 1699, med bibelske motiv (apostlar) og ulike floreale motiv. Det vart laga eit epitafium ("bondeepitaf...
Veggborda kjem frå den gamle stavkyrkja i Ørsta. Kyrkja vart måla innvendig i 1699, med bibelske motiv (apostlar) og ulike floreale motiv. Det vart laga eit epitafium ("bondeepitafiet") i samband med arbeidet i 1699, og dette epitafiet heng i nye Ørsta kyrkje. Stavkyrkja vart riven i 1864, då den nye kyrkja i Ørsta vart bygd. Då kyrkja vart riven blei mykje av materialen gjenbrukt. Desse fjølene vart truleg nytta som golvbord i nyekyrkja. Dei er måla på baksida med golvmåling, slik at motiva har vendt ned og dermed ikkje blitt øydelagde. Fjølene vart oppbevart på Svendsengarden i Ørsta i ei årrekke, før museet overtok dei hausten 2022.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».