History
-
-
Oversettelse:
Til alle dei som høyrer opplese eller ser dette brevet sender Tjostolv
brev-oppsetjar, ombodsmannen til Guttorm Eiriksson, si eiga og Guds helsing.
Eg gjer dykk kjende med at måndag etter helgetorsdag
var eg på Jørstad, møtegarden på Fåberg. Bjønne (Bjarne)på Myre lét da
føre vitneprov for meg ved Øystein Håvardsson og Torleiv Jonsson
at dei var på Nordrum og høyrde at Bjønne (Bjarne) på Myre gjorde
Ivar «taua» ei sjudagars innstemning for å høyre der dei vitne
om jorda på Enge på Tretten. Dei hadde òg i si vitneutsegn
at Bjønne innstemna førnemnde Ivar til lagmannen på Hamar
til seks dagar før bottolvsmesse (17. juni) om den før nemnde jorda.
Deretter bar desse fram vitnemål, Ogmund «træntær» og Torleiv, at
far til Bjønne (Bjarne) gav Ivar «taua» fire kyr og Ivar sette jorda si i Enge i pant.
Øystein skulle ha forkjøpsrett på så mykje av Ivars jord
som Ivar ville selja. På same måte svor dei ved eid,
Alv Gudrnærson (Gudrunsson?) og Torleiv Jonsson, at Ivar
«taua» vedgjekk at han hadde fått fullt oppgjer
av Øystein bonde for fire og eit halvt øyresbol
i Enge. Nå er det gått 13 år sidan denne jorda
vart sett i pant. For sant vitnesburd hefta Asle på Jørstad seglet sitt
saman med mitt til dette brevet, som vart gjort på det tidspunktet
som tidlegare er sagt.
-
Eierskap
Donasjon arvinger etter Jan I. Jørstad. -
Produksjon - 1330
-
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier SS-53645
- Part of collection Maihaugen
- Owner of collection Maihaugen
- Institution Maihaugen
- Date published October 23, 2021
- Date updated June 6, 2023
- DIMU-CODE 0210211387924
- UUID 38486dc0-497f-44fc-aecf-a753133620cf
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».