• Fotografi av Olav H. Hauge, Torvald Steen, og Bodil Cappelen på ein båttur. I Hauge si dagbok står det den 04. juni 1992: "T. Romsdal. Køyrde til Flesland. Tok fly, og var i Molde kl. 1. Varmt. – Um kvelden ferje til Vedøy, der dei førde fram det historiske spelstykket Edvard Hoem har skrive i dette høvet: Molde er 250 år som by. ... Dagen etter var det rundreise, til Hoem m. andre stader. Og um kvelden middag for dei 70 innbedne gjestene på Aleksandra Hotel. Det var Edvard Hoem og Ragni [Welle Strand], kona hans som stod for det. Millom gjestene var fru Lahnstein og mannen, dessutan forfattarvener som Solstad, Steen og Obrestad og Ødegård, trimenningen til Hoem." (1) Fotografen er ukjend. Biletet vart skanna hos Bodil Cappelen i 2012, og er i Olav H. Hauge-senterets eige. Skanning og innhenting av informasjon vart utført av Eirik Bergesen Dalen.

Kjelde:
(1) Hauge, O.H. (2000) Olav H. Hauge Dagbok 1924-1994, femte bandet, side 558
    Photo: Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Hauge, Cappelen og Steen på sjøen

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to