• Fotografi av Olav H. Hauge. Biletet kan i følgje Bodil Cappelen sine opplysingar, tidfestast til eit besøk av Jon Fosse i 1991. I Hauge si dagbok kan vi lese om to besøk av Jon Fosse dette året. Det står til dømes den 18. september: "I går kom tri karar frå BT. Frode Grytten, journalist i bladet, Odd Nærbø, fotograf i bladet; med seg hadde dei Jon Fosse. Desse skulde då ha ein samtale med meg." (1) Det står også om eit besøk 29. oktober 1991. (2) Fotografen er ukjend. Biletet vart skanna hos Bodil Cappelen i 2012, og er i Olav H. Hauge-senterets eige. Skanning og innhenting av informasjon vart utført av Eirik Bergesen Dalen.

Kjelder:
(1) Hauge, O.H. (2000) Olav H. Hauge Dagbok 1924-1994, femte bandet, side 532
(2) Hauge, O.H. (2000) Olav H. Hauge Dagbok 1924-1994, femte bandet, side 538
    Photo: Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Olav H. Hauge

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to