History
-
Fotoet er ein god dokumentasjon av Odda sentrum. Her ser vi krysset Røldalsvegen/Eitrheimsvegen omkring 1953, før bygging av LL Reisæter sitt handelshus på "Hjørna". Mange butikkar og firma er representert her. I venstre kant skimtar vi hjørnet av "Ritabygget" som det vart kalla på denne tida, tidlegare Agas Hotell og "Kredittbanken". På denne tid var det manufaktur mot nord og Rita bakeri og konditori mot gata. Lenger oppe i gata Bergen Privatbank og det nybygde huset til Odda Handelsstandsforening, "Merkur-bygget". Til høgre i gata, Røldalsvegen, ser vi Odda farvehandel, vidare Ola O. Hagen Bok og papirhandel. Gata er sperra av for å beskytta mot takras av snø og is.
Vi ser ein kiosk med reklameskilt for South State sigarett, Odda farvehandel: Kosmetik, børster, lakker, Damefrisersalon, Haugesunds Dagblad, Jordals skoforretning har oppslag om opphørssalg. Vi ser også to damer i kåpe og hatt, ei med berekorg i metall for fire literflasker mjølk (melk), og ein budsykkel.
Dei to bygningane fremst mot Eitrheimsvegen, vart rivne då LL Reisæter bygde nytt forretningsbygg her på "hjørna" i 1956. (Bustetun, bruksnr 6 Rymbelgarden). Huset midt i biletet var først ein einetasjes paviljong med flatt tak der det var turisthandel, bygd av Hellstrøm (etter 1887). Her bygde Ohm seinare på med leilegheiter. Sonen Olav Ohm fortalde til Kraftmuseet: "Far kjøpte eigedomen etter gullsmed Hellstrøm i 1905. Det var berre ein etasje og utedo. Men så bygde han på til tre etasjer i 1914, og utedoen vart til hønsehus. Prisen på eigedomen var kr. 3375,-. I 1914 vart det lagt inn klosett og vatn, og vi hadde telefon i seinare år".Bygget vart så kjøpt av Lars L. Reisæter i 1929. Der dreiv han butikk mm. (sjå Kolltveit b 3.2, side 255 om Bustetun, bruksnr 6 Rymbelgarden). Seinare reiv han, og bygde ny forretningsgard i 1956. Han reiv då også nabohuset med spisst møne til høgre for å få plass til det nye bygget. I dette vesle huset var det ulike butikkar opp gjennom åra, mellom anna var Anna Jordals drakthandel her frå slutten av 1890 til ca 1912.
Fotografering: 1953 (ca.)
- FotografLøyning, Nils (1909 - 1993)sikker
- History
Frå Kolltveit: Odda, Ullensvang....:
son åt lærar Olav Nilsson Løyning (1885 - 1965, frå Seljestad, bruk nr.3, pl nr.1), og Sigrid Jakobsdotter Løyning (1888 - 1960, ho var frå Stuane). Foreldra kjøpte Stuane nedom Minne i 1915, der Nils vaks opp, som eldst av fire. Søskena var: Jakob, Oddmund Birger og Sigrid. Nils vart gift 28.08.1933 med Marta Thorvik frå Jondal. dei fekk eit barn, Sigrid i 1934. Gift 2.gong med Judith Pedersen (f. 1918). Nils Løyning var arbeidsformann på Norzink. (sjå og Kolltveit: Jondal i gamal og ny tid)
Fotograferte mykje, mest på strekninga frå Hardangervidda, gjennom indre Hardanger til Haukelifjell. Mange av motiva hans er blitt solgt som postkort. Kraftmuseet har ei stor samling etter Nils Løyning - Adresse,Norge Hordaland Odda Røldal
- ProfessionArbeidsformann på Norzink og fotograf
- GenderMann
- DigitaltMuseumSearch in «Løyning, Nils»
- History
Placement
License information
Metadata
- Identifieri-nil-452
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedJanuary 25, 2018
- Date updatedMay 17, 2024
- DIMU-CODE021017430890
- UUIDb1e16f17-cdd7-4835-9d48-a4e5dca9af4a
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».