• Biletet er repro frå eit portrettmåleri av bonde Ole Endresen Flatvad, fødd 1794 på garden Østigard Flatvad i Sunndal, Møre og Romsdal. Her kledd i frakk og topplue. Måleriet er på ein dørspegel, og kan vere måla på 1820-talet. Han vart 1818 gift med Anne Olsdatter Flatvad (1798- 1848)  som kom frå nabogarden. Ho vart portrettert på andre dørspegelen på "målastøgu-dårinn", som det vart sagt. Ole hadde garden der dei to vart portrettert i åra 1814-43.  Sjå portrettet av Anne. Det er også brukt som framside på Astrid Uv Gravems hefte "Kvitsaum på Nordmøre". - 
Eg som skriv dette, fekk opplyst av min morfar at det skulle vere ein «kyrkjemålar» ved namn Lewin (Levin), som måla portretta. I årsskrift for Nordmøre Historielag 1932, nemner Sigurd Fjær ein målar med namn I. D. Levin som i 1819 skulle ha måla eit spesifisert inventar i Tingvoll-kyrkja. 
Den her setninga kan eg ikkje dokumentere, men det er vel ikkje usannsynleg at den same I. D. Levin har vore i Romfo-kyrkja på målar-oppdrag. Kyrkja var i alle fall ferdig bygd i 1821. Ole Endresen Flatvad sokna til Romfo. 
Denne setninga er rein gjetting, men rimeleg sannsynleg: Levin kunne ha budd hos Ole og Anne (gift 1818), og portrettert vertskapet sitt som betaling for opphald i samband med eit «kyrkjemålar»-oppdrag i Romfo-kyrkja. Men sjølvsagt kan det vere andre grunnar til at dei fekk seg portrettert.
Dokumentasjon: Portretta av Ole Endresen Flatvad og kona Anne er for lengst tekne ut av dørene dei stod i. Måleria heng på veggen i daglegstua på same garden som dei dreiv i perioden 1814-1843. Garden har gått ubrote i slekta. Historia om opphavet til dei to måleria er så sikker som den kan få blitt der ting ikkje er skriftleg dokumentert. Det var mine morforeldre som såg verdien av desse måleria. Dei redda nemleg portrettet av Ole ut av ei skrøpeleg do-dør i fjøset, og informerte om historia. Morfar var fødd i 1888, og overtok garden i 1908. Han levde til 1981, og fekk overlevere eldre kunnskap til seinare ledd.
Eg som skriv dette i 2020, Lars Opdøl Flatvad (f.1946), gift m. Randi Meland, er fødd og oppvaksen på denne garden, Østigard Flatvad, Gnr36/1 i Sunndal. Vi dreiv garden i perioden 1976-2003. No er vår eldste son Knut, gift m Rita Dyrnes, drivar.
Bildet fins både i farger og i 4 svart/hvitt-digitaliseringer.






Fra Nordmøre Museums fotosamlinger.
    Photo: Nordmørsmusea

Biletet er repro frå eit portrettmåleri av bonde Ole Endresen Flatvad, fødd 1794 på garden Østigard Flatvad i Sunndal, Møre og Romsdal. Her kledd i frakk og topplue. Måleriet er på...

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits
Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to