• Haugjela fyr, Veiholmen på Smøla. Bilde fra fotoinnsamlinga i Frei 1978-79. Innsamla av Freielever på Nordlandet ungdomsskole. Registrert av Une Fiske Pettersen. Fra Nordmøre Museum sin fotosamling.
 - Datering må vere feil. Fyret stod ferdig 1922. Litt info: Haugjegla fyrstasjon. På holmen Haugjegla vart det i 1905 sett opp ei fyrlykt, til tross for at folket uttrykte sterke ønskje om eit fyr. Lyset vart forsterka i 1910 med overgang til gass. Frå 1917-18 kom dei første bevilgingane med fullfinansiering i 1921. Haugjegla fyr stod ferdig i 1922 som ledfyr. Fyret bestod av ein 7 m høg betongsokkel og eit 14 m høgt støypejarnstårn. Den franske fyrlinsa var av 2. orden. På holmen var det kun plass til fyret og eit naust. I fyret var det eit soverom og ei lita stue, samt kjøkken og spisestue. Det var tillaga for ein fyrvoktar og to assistentar. I kjellaren var det lagt inn vasshaldarar og lagerrom. Til naustet var det omlag 350 m med ein sementert veg. Første fyrvaktar (1921-1933) var Andreas Stennes frå Ørsta. Den andre fyrvaktaren Petter O. Krumsvik (1933-1942) frå Volda. Krumsvik førte fleire ingeniørskøyter på 1920-talet før han kom til Haugjegla. Fyret vart i 1962 elektrifisert frå eigne aggregat. Fyret vart automatisert i 1988 og freda etter kulturminnelova i 1999. (Tilleggsinfo: Frode Pilskog.)
    Photo: Nordmørsmusea

Haugjela fyr, Veiholmen på Smøla. Bilde fra fotoinnsamlinga i Frei 1978-79. Innsamla av Freielever på Nordlandet ungdomsskole. Registrert av Une Fiske Pettersen. Fra Nordmøre Museu...

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to