History
-
Tysdag 23. juni 1936 var ein stor dag i indre Nordfjord med kongevitjing og opning av vegen Olden-Innvik. Vegen kunne opnast takka vere forskottering av den søkkrike amerikanaren William H. Singer. Dagen etter vart det avduka ein æresminnestein til ekteparet Singer frå vegarbeidarane.
Minnesteinen på Hildeneset er fyrst og fremst ein minnestein over ekteparet Singer, men òg om veganlegget Olden - Innvik i åra 1924-1936 og om dei som bygde vegen, dei mange vegarbeidarane.
Måndag 22. juni kom kongen, Haakon VII, landevegen over Strynefjellet til Nordfjord for å opna vegen Olden-Innvik. Kongefølgjet tok inn på Yris Hotell i Olden. Kl. 14.30 dagen etter køyrde kongsbilen i teten av ein kortesje på nærare 100 bilar den vel 2 mil lange vegstrekninga til Innvik der den høgdtilege opninga vart halden. Ved endepunktet var reist ein æresport dekorert med arbeidsreiskap, - hakker, spader, meislar og minebor. Kortesjen vart motteken med musikk og salutt frå Hildeåsen. To småjenter gav kongen blomar, og fylkesmann Seip ønskte velkommen. Etter kongesangen gav ordføraren i Innvik, Hallvard Sindre, eit kort resyme av veganlegget si soge. Kongen føretok så opninga og uttalte ønskje om at alle forventningane til denne denne vegen måtte verta oppfylte og erklærte vegen opna for allmenn ferdsle. Oppsynsmann Kobberstad fjerna silkesnora og ein ny salutt dundra frå Hildeåsen.
Om kvelden var det stor vegfest på Yris Hotell med omfattande program. Til festmiddagen hadde salmediktaren M. B. Landstad skrive bordsong. Fyrste verset lyder slik:
Vi hilser dig konge i Oldens favn
Med festglans og sommerlys dagning
Vi bygget en vei til det felles gavn,
Du selv gav den vigsel og fagning.
Det bruser frem fra vestlandsbondens sjel:
Gud signe Håkon konge, -- heil og sæl!
Eit høgdepunkt var då kongen overrekte St. Olavs kommandørkross til Mr. Singer og musikken spela den amerikanske nasjonalsangen.
Fylkesmann Seip heldt tale for dei som bygde vegen, og overingeniør Knudsen og Jens Hilde (representant for vegarbeidarane) sa etter dette: - Når vegen nå er opna tykkjer også me, vegarbeidarane, at me har vore med og lagt ein provins til landet.
Ekteparet William H. Singer (1868-1943) og kona Anna Spencer Brugh (1878-1962) frå USA oppheldt seg i Norge kvar sommar og fleire vintrar frå 1903. Dei arva fleire hundre millionar dollar som dei mellom anna brukte til å byggja "Singerheimen" på Dalheim i Olden. Dessutan tok dei mesteparten av kostnaden med sjukehuset på Eid, og dei forskotterte over halvparten av, kring 450 000 kroner, av kostnaden på veganlegget Olden-Innvik.
(Kjelde: Nettstaden "Kulturhistorisk leksikon", artikkelen "Singersteinen på Hildeneset i Innvik" av Hermund Kleppa.)
Dette veganlegget var so uhyre viktig og stort for Indre Nordfjord at det var to offisielle opningar. Ein fest-opning og ein formell opning av vegen Olden-Innvik. Den siste vegparsellen Innvik-Årholen med lengde 7140 meter, vart avlevert til vedlikehald som riksveg ved vegsjef Knud Knudsen den 28. september 1936. Tilstades på denne avleveringa møtte dessutan avdelingsingeniør Arthur Sørum og frå Innvik kommune lensmann Oddvin Sindre, varaordførar Ola Bruland og Per Reme.
Same dag vart siste vegparsell på Utvikfjellet (på Utviksida av fjellet) avlevert til vedlikehald som riksveg i henhold til Stotingsvedtak , ved dei same personane. Med dette var riksvegen Byrkjelo-Utvikfjellet-Utvik-Innvik-Olden-Loen-Stryn eit faktum.
(Informant: Per Birger Lomheim, pensjonert tilsett i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane)
Fotografering: 1935
- FotografStatens vegvesen Sogn og Fjordane
Relation
Classification
-
- Veier og broer (Outline)OU 491
References
-
- LitteraturreferanseArtikkelen "Singersteinen på Hildeneset i Innvik" av Hermund Kleppa.
- Litteraturreferanse"Vegfolk fortel" Vegminne fra Statens vegvesen Sogn og Fjordane.
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierNVM 00-F-32258
- Part of collectionNorsk Vegmuseum
- Owner of collectionNorsk Vegmuseum
- InstitutionNorsk vegmuseum
- Date publishedDecember 30, 2022
- Date updatedDecember 31, 2022
- DIMU-CODE0210113163192
- UUIDaf50013d-25d4-4898-bf14-baf4ccbaf6bb
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».