Båten kom frå Danmark i 1904. Den vart køyrd for eigen maskin til Oslo.Der vart den lasta opp på jernbanen og køyrd til Tonsåsen. Ei turistforening skulle frakte båten vidare til T ...
Båten kom frå Danmark i 1904. Den vart køyrd for eigen maskin til Oslo.Der vart den lasta opp på jernbanen og køyrd til Tonsåsen. Ei turistforening skulle frakte båten vidare til Tyin. Med ein slags hjulslede frakta dei båten til Fagernes, men dei kom ikkje lenger. Vegvesenet nekta vidare frakt gjennom Vestre Slidre på grunn av bruene. Vidare frakt vart utlyst på anbud. Eivind Myhre tok på seg vidare transport av båten, og han foreslo å frakte båten opp Øystre Slidre og at den skulle brukast på Bygdin ein sommar for deretter å fraktast vidare til Tyin. I julehelga 1904 vart båten frakta til Båtskaret, men der vart dei stoppa av uver. I mars 1905 vart båten frakta vidare til Stavtjednet. Frå Stavtjednet til Bygdin vart båten frakta på bar mark og sjøsett St.Hans 1905. Fraktinga frå Stavtjednet til Bygdin føregjekk på den måten at dei la "slena" (barka stenger av grant tømmer som var smurde med olje og grønsåpe for at det skulle gli lettare)som dei flytta fram etter kvart som dei køyrde framover. (Ca 3 km frå Stavtjednet til Bygdin) Båten vart kalla BYGDIN, og vart verande på Bygdin. I 1906 ordna John Opdal med ein annan båt til Tyin. Også denne frakta Eivind Myhre frå Fagernes til Tyin. Den vart rodd/slept på Vangsmjøsa frå Hemsinghalsen til Øyesanden.
About the object
IdentifierVFF V-002204
General subject termPortrettfotografi og landskapsfotografi
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».