Photo: KORO / Kunst i offentlige rom

UiA Universitetet i Agder, Campus Kristiansand, Sigurd Køhns hus – K bygg

Kjølege striper av blankt stål dreg deg innover i rommet i det nye musikkfagbygget ved Universitetet i Agder.

I 2010 fekk Universitetet i Agder eit nytt musikkfagbygg med plass til kontor, øvingsrom, samspelsalar og musikkstudio. Eit mål for den nye bygningen var å føre dei ulike kunstfaga ved universitetet fysisk nærare kvarandre, og slik leggje til rette for meir tverrfagleg samarbeid.

Kunstnaren Leiken Vik (NO) vann den lukka konkurransen om å lage hovudverket til den nye bygningen. Verket "Samtidig, et annet sted" er sett saman av to delar: ein installasjon og eit måleri. Det fyrste arbeidet heng til høgre for hovudinngangen. Blanke striper av stål er montert i ulike høgder og lengder over heile betongveggen og skapa reit interessant spel mellom det blanke ståket og den matte, børste betongen, mellom det rue og det fine. Stålstripene reflekterer veggen midt imot, og fungerer også som ein slags spegel der vi ser oss sjølve og verda stykkevis og delt.

Lenger inn i korridoren heng den andre delen av verket til Vik. Det sju meter lange og om lag to meter høge måleriet dekker ein heil vegg og er måla på pleksiglass. Motivet kan likne eksplosjonar av lys i eit diffust landskap, men kan også minne om eit univers, eller byrjinga på eit parallelt univers. Saman speglar dei to delane ytterpunkta i den kunstnariske skaparprosessen, med det kjølege stålet på den eine sida, og det intuitive, emosjonelle og eksplosive på den andre.

Eit mindre sideprosjekt av kunstnaren Marianne Lund (NO) har også fått plass i bygget. I kvar sin etasje i trapperommet heng det fire måleri på sirkelforma plater av aluminium, som saman utgjer verket "Remember me". Eit trapperom er ikkje eit rom ein blir verande i, ein passerar dei ulike etasjane i ei spiralrørsle oppover eller nedover. Dei sirleg utførde arbeida i ulike størrelsar og nyansar av blått understrekar denne rørsla, og bidrar til å gje etasjane ulik identitet.

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Share to