09. Sauheradsong

Kom hit, mitt barn, så skal du få ei soge som er sann, ei soge om di eiga bygd, om hagar, åsar, skog og land. Her lever sagn om jutul grå som kasta stein i Norsjå blå.
Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Det gror så godt i sudvend li

med grøde alle år.

Og bygda skin som vakkert tre

med greiner spila vidt i kring,

for barnet som ein himmelstol

med krona gylt i morgonsol.

 

Her budde folk frå eldste tid,

dei fanga ville dyr.

I vatnet blenkte laks og sik,

i skogen spela orren yr.

Nå finn me blanke gull og rav

i bronserøys og vikinggrav.

 

Her er så grøderikt eit liv

med mykje frukt og bær,

og skaparkrefter løysest ut

i mjuke sinn og voksterjord.

Mitt Sauherad, eg takkar deg

for at du er ein heim for meg.

 

Når klokker ringer høgtid inn

og sinnet fell til ro

gjeng tankane til alle dei

som gav oss bygda, rik og god.

Nå er det opp til oss i lag

å skape barnas morgondag.

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to