Nærøya

Nord for Kinn ligg Nærøya, ei lita øy som hadde 1000 innbyggarar i sildesesongen for 150 år sidan. Avstanden til Kinn er berre om lag 1 500 m.

Nærøya

                                                                                                       Av Arne Færøyvik

Alle de som har sett dykk oppe i bakkane og no sit og ser ut over sjøen, har sikkert lagt merke til ei øy nordvest for Kinnakyrkja, - det er Nærøya.  Avstanden til Kinn er berre om lag 1 500 m. I våre dagar er det liten aktivitet der ute, men for 130-140 år sidan var det livleg nok, serleg om vinteren. På den tid var det eit rikt sildefiske her i distriktet, og det vaks opp reine strandstadar med salteri og losjihus for fiskarar. Serleg stod desse husa tett på Kinn, i Rognaldsvågen og på Nærøya. Etter ei teljing av oppsynet i 1860 skulle det vere 36 salteri på Nærøya, nokre kom vel til seinare, dessutan var det losjihus for fiskarar og salterifolk. Det er ikkje urimeleg at det var 50-60 hus på det meste. Den faste busetnaden var knytt til ein einaste husmannsplass. Det raude huset ved kyrkja skal vere flytt hertil frå Nærøya.

Dei som ville byggje hus der ute, måtte feste grunn hos Lass, som då åtte Kinn og Nærøya. Leigetilhøva for grunnen til eit vanleg fiskehus var at avtalen galdt for 15 år, og den årlege avgifta var 3-4 spesiedaler. I desse fiskehusa hadde dei ikkje lov å salte kjøpt sild, det var også ei grense for kor mange folk dei skulle ta inn der. Det vanlege var 1-2 ”fiskefølger”, eller 8-16 mann. Desse vilkåra passa nok for bønder som ville ha ein stad å bu under fisket, og som salta den silda dei sjølv hadde fiska. Dei fleste som hadde hus på Nærøya, kom frå Førdefjorden og Dalsfjorden. Nokre større salteri kunne sjølvsagt salte kjøpt sild. Desse var det bergenskjøpmenn som åtte, og dei måtte då betale mykje høgare leige for grunnen, til vanleg 20 Spd. Kor mange menneske kunne det vere på Nærøya desse vekene fisket varde? Det er vanskeleg å finne ut, men kanskje 500 til 1000.

Grunneleiga var faktisk høgare på Nærøya enn på øyane lenger inne. I Rognaldsvåg kosta ein salterigrunn berre det halve av det dei måtte betale på Nærøya. Så kan vi lure på grunnen til dette. Vi må hugse på at i førre hundreåret fanst det ikkje motorbåtar, folk måtte ro eller sigle skulle dei komme fram, og då var det ei føremun å bu så langt ute som råd var. Dessutan var det bra hamn i dei mange vikane på Nærøya, i alle høve for dei små båtane som dei hadde då.

Salteria på Nærøya var små. Etter oppsynet si teljing var gjennomsnittsverdien av desse om lag 180 Spd. Og salterikapasiteten per salteri 230 tønner, medan gjennomsnittet for Kinn var 500 Spd. Og 930 tønner.

Omlag 1870 vart det slutt på vårsildfisket. Nokre av bøndene som åtte hus på Nærøya, reiv desse og førde vyrket heim. Elles var det vanleg i 1870-åra at salteria vart averterte til sals for nedriving. Men dei fleste vart nok ståande, og når dei ikkje vart vedlikehaldne, var det ikkje lenge før dei vart til nedfalls, og i uversrier sytte stormen for at husa forsvann. Men murane står att på Nærøya og på dei andre øyane rundt Kinn. Dei står der som eit vitnemål om den store aktiviteten som var der ei kort tid midt i førre hundreåret.

Geografen Amund Helland skildrar korleis det ville ta seg ut om ein tok seg ein tur opp på fjellet på ei av øyane  ute ved havet. Tok ein denne turen då fisket var på det likaste, ville ein sjå salteria ligge der tett som om dei var planta kring alle strender. Tok ein turen oppatt etter at forfallet hadde teke til, - ”så det ut som om landet hadde vært herjet av fiendehånd”.

(Artikkel frå Kinnaspelet sitt programhefte, 1993)

2 comments

  • Nærøya
  • Dette er ikke fra Nærøya, men fra Kinn med Alden i bakgrunnen fotografert av Hermod Seim

Share to