• (Opphavsrett)

Robin Hood-boka til pappa

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Robin Hood er ein kjend, legendarisk person frå England. Han stod opp mot styresmaktene, presteskapet, skatteoppkrevjaren og sheriffen i Nottingham. Robin Hood levde som fredlaus i Sherwood-skogen saman med venene sine, der han stal frå dei rike og gav til dei fattige. Han var dyktig med pil og boge og andre våpen. Dette brukte han i kampen for rettferd.
Pappa fekk Robin Hood-boka den 9. januar 1968 då han fylte ni år. Han hadde ønskt seg boka lenge, og endeleg fekk han ho i gåve av foreldra sine. Boka var veldig morosam og spennande, så han las ho ut på kort tid.
Robin Hood–boka er spesiell for pappa sidan han las boka då han var svært ung, og fordi boka gjorde inntrykk. Det er ei fengande forteljing, og pappa oppfordra meg heldigvis til å lese boka. No skal ho stå i bokhylla i stova vår, slik at ho er lett å finne for yngre sysken eller kanskje for neste generasjon.
Kjelder:
Wikipedia; Robin Hood; http://no.wikipedia.org/wiki/Robin_Hood; 25.10.2009
Ericsson, John O.; Robin Hood; Tiden forlag; 1968
Lien, Øyvind; intervju; 07.10.2009

 

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to