• Photo: Svein Nord (Opphavsrett)

Berge landskapsvernområde

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Arkitekturvernåret

I samband med Arkitekturvernåret 1975 vart det sett i gang arbeid med restaurering av oppgangssaga og rekonstruksjon/gjenoppbygging av forfalne naust, i nært samarbeid med grunneigarane og lokale krefter i bygda. Desse arbeida vart finansierte av Riksantikvaren, Norsk Kulturråd og Hordaland fylkeskommune.

Restaureringsarbeid

Oppgangssaga vart først sett i stand, både saghus, slok og vasshjul. Deretter vart eit lafta naust frå 1793 tilhøyrande garden Hallaråker bygd opp att i opphavleg form og storleik, med høge grunnmurar og villheller på taket. Eit grindbygd naust til garden Tuften vart restaurert i 1982. Nokre av dei andre nausta er truleg svært gamle, eitt av dei er nemnd i 1691 og eit anna kan vera bygt tidleg på 1600-talet. Her er også synlege tufter etter fleire eldre naust, og planen er å få sjøbruksmiljøet i Stekka så komplett som råd er og halda oppgangssaga i drift
 

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to