• Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)
  • Photo: Postkort. Ukjent fotograf. (Opphavsrett)

Ygre stasjon

Tørrskodd inn på toget

Ygre er den einaste av dei gamle vossebanestasjonane som har takutbygget intakt. Frå dette kunne ferdafolket gå tørrskodde på toget, plattforrnkanten låg nær takutbygget.

Flytta til Ygre 1904

I 1904 vart det bygt heilt ny stasjonsbygning på Nesttun (riven i 1981), medan den gamle vart flytta til Ygre. Første tida på Vossebanen hyste ein slik stasjonsbygning alt. Nede var kontor, venterom, godshus og do. Oppa budde stasjonsmeisteren med kone og born. 

«Bergensbanestilen»

Den mest opphavlege vossebanestasjonen ligg altså no på Bergensbanen. Uthuset på Ygre er jamgammalt med Bergensbanen som stod ferdig i 1909. Arkitekt var jernbanearkitekt Paul Armin Due. Uthuset er i såkalla dragestil og vart bygd for å romma ved, gods og privet.

Urdland, stasjonen utom Ygre, er eit fint døme på «Bergensbanestilen». Begge stasjonane er måla på gamlemåten, i fleire fargar som framhevar det fine listverket.

Freda

Ygre stasjon vart i 1997 freda av Riksantikvaren. Stasjonsbygningane er rekna for å vera to sjeldne eksemplar frå jernbanen sin tidlege barndom i Noreg. Dei viser òg dei rådande stilartane frå denne tida; sveitsarstil og dragestil. Fredinga gjeld både eksteriør og interiør.

Share to