Alle hus har ei historie å fortelja. Det som i dag er Dombås Asylmottak, har husa både dovringar og folk frå fjerne himmelstrøk.
Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

I Dovre har framandfolk sett sitt preg på historia i mange hundre år. Pilgrimar på veg til og frå Nidaros, høvdingar med våpen i hand, handelsfolk og andre, sleit seg over fjellet i allslags ver. Fyrst på 1900-talet sette anleggsarbeidarar frå alle kantar av landet sitt preg på bygda og fekk engstelege bønder til å passe ekstra godt på døtrene sine.

Ovanfor Dombås sentrum ligg eit langstrakt bygg som har husa folk frå mange kantar av verda sidan det vart bygd av tyskarane under 2. verdskrig. Bygget fekk det staselege namnet "Haus Gisela", og der budde sjukepleiarar som arbeidde på det tyske sjukehuset på Dombås. Sjukehuset vart seinare til Dovrefjell Hotell.

Etter krigen vart" Haus Gisela" omgjort til Dombås Ungdomsherberge. Der møttest reisande og knytte band over mange landegrenser.

I desse dagar kjem framleis menneske frå fjerne land hit. Dombås Asylmottak held nå til i huset.Dei fleste reiser vidare etter ei stund, medan andre gjer dovringar av seg. Dei er med på å setja sitt preg på Dombås som ein stad der vegar kryssast.

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to