• Photo: Helge Sunde (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: ukjent (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: ukjent (Opphavsrett)

Industristaden Kvernevika i Åsane

Stampemølle

Kvernevikstemma sikra stabil vasstilførsel. Det var truleg Bull som hadde byrja å anleggja demning her, medan Fossmark fullførte prosjektet. Sistnemnte hadde også fargeri i Salhus. Ved folketeljinga i 1865 budde Fossmark på Tertnes og er titulert Farver og Møller. Stampemølla skal ha vore i bruk til 1896, då ho blei øydelagt av ein brann.

Kværneviks Uldvarefabrik

I 1889 kom det ei ny verksemd i Kvernevika. Det var bakermeister E. Langberg i Bergen som stod bak Kværneviks Uldvarefabrik. Dei første åra tok ullvarefabrikken helst imot ull til spinning frå bønder i området. Dette endra seg etter at den tidlegare seglskuteskipparen Tobias Torkildsen vart medeigar i 1892. Han sørgde for at fabrikken fekk moderne maskiner, og ein ekspert frå England vart henta for å betra produksjonen. Her vart laga mellom anna vevde ullteppe, garn til sportsstrømper og vattplater. Kommisjonærar rundt på Vestlandet tok seg av salet. I tilknytning til fabrikken kom både ein funksjonærbustad og brakker til sesongarbeidarar.  

Sildemjøl og sildeolje

Ein brann i 1906 øydela ullvarefabrikken, men han vart reist på ny. Hendinga markerte likevel byrjinga på slutten for verksemda. Konkurransen med dei større fabrikkane i Salhus og Eidsvåg var hard og medverka til nedlegginga. Etter ei tid med stillstand i Kvernevika starta Alf K. Torkildsen, son til Tobias Torkildsen, A/S Melior Fabrikker som produserte sildemjøl og sildeolje. Høgkonjunkturane under første verdskrig la grunn for ekspansjon. Kaien vart gjort større, og ein silo som tok 5000 hl blei bygd. Arbeidsstokken bestod av om lag 20 personar. I 1919 brann også denne fabrikken ned. Han vart oppbygd på ny, men etter nokre år tok drifta slutt. Seinare såg ulike aktivitetar dagens lys i Kvernevika, men ingen i stor målestokk. Røyrgater, demningsrestar og tufter vitnar framleis om industrireisinga her.

Share to