• Photo: Terje Rakke/Nordic Life (Opphavsrett)
  • Photo: Terje Rakke/Nordic Life (Opphavsrett)

Bud fiskevær

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

4-500 fiskebåtar

Gerhard Schønning skriv i Reise giennom Nordmør frå 1773: Bud har tilforn været et af de største Fiskevær i Norge, hvor 4-500 Baade have ligget for at fiske. Denne omtalen speglar ein munnleg tradisjon om ei tidlegare stordomstid i fiskeværet, som er nemnt første gang i 1520.

Vikingtid

I 1993 vart det gjort ei arkeologisk registrering på Bud av Møre og Romsdal fylkeskommune. Ei dateringsprøve tatt frå botnen av eit prøvestikk tyda på aktivitet omkring år 900 e.kr. Prøven vart tatt frå hoggflis og barkebitar. Hoggflis kan tyde på byggeaktivitet og barkbitane har truleg samanheng med barking (impregnering) av garn, tau eller segl på staden. Dette kan tyde på at Bud var eit fiskevær alt i vikingtida.

Fjærmannstradisjon

Det er lite truleg at der var bufaste folk ute på Bud alt i vikingtida. Men spora av folk kan knyttast til ein fjærmannstradisjon, fjordbønder som drog på sesongfiske. Jordbruk ute på Bud kan det ikkje ha vore, ein fastbuande fiskarbusetnad ville ha vore avhengig av å bytte til seg jordbruksprodukt mot fisk. Dette skjedde truleg først seinare utover i middelalderen, når det vart meir faste økonomiske relasjonar. Særleg Hanseatane sitt behov for å bytte fisk mot korn.

Fast busetting frå 1500

Gjennom dei skriftlege kjeldane og det sparsame arkeologiske materialet frå før middelalderen kan man foreløpig ikkje sjå busetnaden lenger tilbake enn 1500-talet. Men frå 1500-1600-tallet har det trulig vore ca. 150 fastbuande på Bud. Staden har vore eit senter for handel, fiske og som kyrkjestad. Ei mengd potteskår av etterreformatorisk type viser dette.

Kyrkjestad

Bud eller Budar er nemnt som kyrkjestad i skriftlege kjelder første gang frå 1589. Den første kyrkja var ei stavkyrkje som brann ned ved et lynnedslag i 1709. Dei fleste stavkyrkjene i Noreg blei bygde i høgmiddelalderen fram mot ca. 1350. Skikken med bygging av stavkyrkjer slutta ca. 1500. Ein kan difor gå ut frå at kyrkja i alle fall var 100 år eldre enn nemnt i kjelden frå 1589. Så lenge det ikkje er funne spor etter stavkyrkja vil det ikkje vere mogleg å datere den.

Aktivt fiskevær

I dag er Bud framleis eit aktivt og sjarmerande fiskevær med fleire gode fiskerestaurantar.

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to